SKATT: Oppdrettsnæringa kan måtte betale 40 prosent i ekstra skatt dersom forslaget frå fleirtalet i havbruksskatteutvalet vert ein realitet.
SKATT: Oppdrettsnæringa kan måtte betale 40 prosent i ekstra skatt dersom forslaget frå fleirtalet i havbruksskatteutvalet vert ein realitet. (Illustrasjonsfoto: Vilde Grimelid Oppedal)

Føreslår 40 prosent skatt for oppdrettsnæringa

Havbruksskatteutvalet føreslår at oppdrettsnæringa betaler 40 prosent skatt på overskotet i næringa, ein så kalla lakseskatt.

Oslo: Havbruksskatteutvalet, som vart utnemnd av regjeringa i fjor haust, la måndag fram forslaget til skattlegging av havbruksnæringa. Fleirtalet rår staten til å innføre 40 prosent skatt på overskotet i næringa, ein såkalla lakseskatt, skriv NRK. Utvalet har hatt i oppdrag å vurdere ulike former for skattlegging av havbruksnæringa. 

 Havbruksnæringa tener pengar på fellesskapet sine naturressursar, og då må fellesskapet også få noko tilbake, sa leiar av utvalet, Karen Helene Ulltveit-Moe, under presentasjonen av rapporten.

Skatten vert ein så kalla grunnrenteskatt, det vil seie skatt av den ekstra inntekta selskapa har ved å utnytte ein naturressurs. I dag er det berre olje- og vasskraftnæringa som betaler denne typen skatt. 

Ikkje samstemt

Utvalet var ikkje samstemt i vurderinga, men fleirtalet meiner at ein overskotsbasert grunnrenteskatt vil tilpasse seg lønsemda i næringa. Dette vil vere den beste måten å sikre stabile og føreseielege inntekter til kommunane, samtidig som skattlegginga følgjer den økonomiske utviklinga i næringa, skriv utvalet i ei pressemelding. 

– Dei som driv lønsamt i dag, skal framleis kunne drive lønsamt i framtida. Går overskotet ned, betaler ein også mindre i skatt. Samtidig som ein betalar meir dersom overskotet går opp, seier Ulltveit-Moe.

På høyring

Finansminister Siv Jensen (Frp) sender forslaget på høyring utan poltisk handsaming, med ein frist på tre månader. 

Stortinget har bede om at regjering kjem tilbake med eit forslag i saka til våren. 

– Målet vårt er å balansere omsynet til næringa, miljøet og lokalsamfunna og det norske folk på best mogleg måte, seier Jensen i ei pressemelding.

Håpar det ikkje vert realitet

Osland Havbruk AS har ikkje noko til overs for forslaget frå havbruksskatteutvalet. Verksemda er medlem i organisasjonen Sjømat Norge, som har jobba mot denne typen skatt.

– Dei fleste parti på Stortinget gjekk før valet langt i å seie at dei ikkje ønskjer denne typen skatt, og eit forslag frå regjeringa må politisk handsamast til slutt. Me håpar difor at dette ikkje vert noko av, seier Geir Helge Østerbø, samfunnskontakt i Osland Havbruk. 

Han seier at verksemda kjem til å arbeide vidare mot forslaget gjennom Sjømat Norge. 

– For oss er det viktig at delar av overskotet går tilbake til kommunane der me driv lokalt, og ikkje til staten gjennom denne typen skatt, seier Østerbø.

Til toppen