I dag startar jakttida på rype 10. september over heile landet og vert avslutta i februar/mars.
Miljødirektoratet anbefalar jakttid for lirype og fjellrype frå 10. september fram til 23. desember i forslaget til dei nye jakt- og fangstidene for perioden 1. april 2017 til 31. mars 2022. Dette forslaget vert no sendt ut på høyring.
Bakgrunnen for forslaget er nedgang i bestanden på meir enn 30 prosent i løpet av dei tre siste rypegenerasjonane. I tillegg er det registrerte jaktuttaket meir enn halvert i løpet av det siste tiåret.
Både lirypa og fjellrypa havna i fjor i kategorien «nær trua» i Norsk rødliste for artar, som er Artsdatabankens liste over artar som har ein risiko for å dø ut frå landet.
– Når begge artar kom inn på raudlista i 2015, og fjellrype i tillegg er ein ansvarsart for Noreg, med opptil 50 prosent av europeisk bestand, må jakktida vurderast grundig, seier direktør i Miljødirektoratet, Ellen Hambro i ei pressemelding.