LÅGAST FRÅVÆR: Elevane i Sogn og Fjordane er pliktoppfyllande og har lågast timefråvær i landet. Det er òg færrast elevar som sluttar i Sogn og Fjordane. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
LÅGAST FRÅVÆR: Elevane i Sogn og Fjordane er pliktoppfyllande og har lågast timefråvær i landet. Det er òg færrast elevar som sluttar i Sogn og Fjordane. Foto: Truls Grane Sylvarnes. (Foto: Truls Grane Sylvarnes)

Foreslår å bruka 70 millionar kroner på å rehabilitera skulen

Dersom fylkespolitikarane vil, kan Årdal vidaregåande skule få seg ei skikkeleg oppgradering dei komande åra.

Årdal: I eit framlegg til nye investeringar på bygg, er det foreslått å bruka 70 millionar kroner på å rehabilitera skulen i den neste planperioden frå 2018 til 2021.

Totalt tel lista over 1,2 milliardar kroner i bruttoinvesteringar, og det er naturlegvis ingen garanti for at alle prosjekta på lista faktisk vert realisert med det første. Bygg- og eigedomssjef i fylkeskommunen, Jan Tore Rosenlund, understrekar at dette er eit framlegg som vert lagt til grunn for det vidare arbeidet med budsjett 2018/økonomiplan 2018-2021

– Me har gjort ein del vedlikehald og oppdateringar på skulen i Årdal, men framleis er det ein god del ting som må gjerast på sikt. Difor fremja me det som eitt prosjekt i staden for at me skal stykka det opp og ta litt og litt, forklarar han. 

Byggtekniske oppgraderingar

Om dette faktisk vert realisert, er naturlegvis opp til fylkespolitikarane, men det er ikkje tvil om at skulen i Årdal byrjar å dra på åra.

– Rehabiliteringa vil bestå av både byggtekniske oppgraderingar og miljø- og energimessige tiltak. Me har ein del ting på blokka som vi ser er naudsynte no når bygga nesten er 40 år gamle.

Positivt signal

Ved at skulen kjem inn i biletet allereie no, betyr at den uansett vil vera betre posisjonert sjølv om han kanskje ikkje alt vert teke med i den neste planperioden, som politikarane skal vedta seinare i haust.

Og uansett er det eit positivt signal at skuleeigaren no vurderer å investera i ein skule som for ikkje altfor mange år sidan var truga av nedlegging.

– Administrativt jobbar me med den strukturen me har, og vår oppgåva er å ta vare på bygga. Det er med det som bakgrunn at dette forslaget vart fremja. Det er sjølvsagt politikken som styrer, og eg kan ikkje garantera for at nokon vil ta opp att skulestruktur, men akkurat no er det ingen signal på det, seier Rosenlund. 

Til toppen