NEDLAGT: Ei av klassene på Årdal videregående står i fare for å bli nedlagt.
NEDLAGT: Ei av klassene på Årdal videregående står i fare for å bli nedlagt. (Arkiv )

Føreslår å legge ned industriteknologi-klasse i Årdal

Fylkesdirektøren går inn for å redusere talet på klassar med tolv. Det går ut over to skular i Sogn.

Indre Sogn: Fylkesdirektør Bjørn Lyngedar går inn for å redusere talet på klassar i den videregående skulen. 

I følgje NRK ønskjer direktøren at det blir lyst ut tolv færre klassar enn i år. I Sogn er Medium og kommunikasjon i Sognal og 2. klassen Industriteknologi i Årdal føreslegne nedlagt.

Industriteknologi er eit av to valfag ein kan ta i andreklasse på Teknikk og industriell produksjon (Tip) i Årdal.

Saka skal først behandlast i yrkesopplæringsnemnda i fylkeskommunen

Slik ser den fulle lista ut:  

  • Odda: Nedlegging av idrettsfag.
  • Austevoll: Nedlegging av allmennfag.
  • Voss: Nedlegging av musikk/dans/drama, kunst/design/arkitektur og køyretøyfag
  • Hafstad (biletet): Nedlegging av kunst, design og arkitektur.
  • Sogndal: Nedlegging av medier og kommunikasjon.
  • Årdal: Nedlegging av industriteknologi og sal og reiseliv.
  • Knarvik: Nedlegging av handverk – design og produktutvikling
  • Fitjar: Nedlegging av frisør, blomster, interiør og eksponeringsdesign
  • Kvam: Nedlegging av elektro og datateknologi

Retting: I ei tidlegare utgåve av denne artikkelen stod det at éin klasse i Årdal står i fare. Porten.no vart i ettertid merksam på at sal og reiseliv på Årdal vidaregåande er føreslått nedlagt. 

Til toppen