ROVDYR: Denne reinsbukken vart oppdaga på Hemsedalsfjellet i månadsskiftet januar/februar og hadde symptom som var typiske for skrantesjuke. Bukken fann ein aldri att, og Naturvernforbundet føreslår å få inn meir rovdyr i Nordfjella så dei kan ta ut sjuke dyr. Arkivfoto: Runar Bjøberg
ROVDYR: Denne reinsbukken vart oppdaga på Hemsedalsfjellet i månadsskiftet januar/februar og hadde symptom som var typiske for skrantesjuke. Bukken fann ein aldri att, og Naturvernforbundet føreslår å få inn meir rovdyr i Nordfjella så dei kan ta ut sjuke dyr. Arkivfoto: Runar Bjøberg

Foreslår å sleppe laus rovdyr for å stanse sjuke reinsdyr

Naturvernforbundet foreslår å sleppe jerv og gaupe laus på villreinen som eitt tiltak for å bli kvitt den dødelege sjukdommen skrantesjuke.

– Rovdyr er ein naturleg del av økosystema der villreinen held til, og rovdyra har gjennom tidene bidratt til å luke ut sjuke dyr, seier biolog Arnodd Håpnes, fagansvarleg for naturmangfald hos Norges Naturvernforbund.

Han trur ein permanent rovviltstamme i Nordfjella og på Hardangervidda ville fungert førebyggjande både mot skrantesjuke og andre smittsame sjukdommar som rammar hjortedyr.

– Sidan rovdyra har problem med å overliste friske, vaksne byttedyr, er dei flinkare enn menneska til å ta ut dei sjuke dyra. Og sidan verken jerv eller gaupe går i hi, kan dei pleie og forsterke villreinflokkane gjennom heile året, seier han.

Forskar og veterinær ved Norsk institutt for naturforsking (NINA) Bjørnar Ytrehus vil ikkje avvise at jerven kan bidra positivt mot smittsame sjukdommar, men understrekar samtidig at gjeninnføring av rovdyr ikkje vil føre økosystema tilbake til nokon urtilstand.

– Villreinen lever i eit miljø som er påverka av menneskeleg aktivitet på alle baugar og kantar, det spørst om det er mogleg å gjenskape den opphavlege økosystembalansen i dei vestlandske nasjonalparkane, seier Ytrehus.

Landbruksdepartementet bad i mars Mattilsynet førebu skyting av heile villreinstammen på vel 2.000 dyr i Nordfjella for å hindre spreiing av skrantesjuke.

Til toppen