KUTTAR: Rådmann Alf Olsen jr. har kutta på mange postar for å få eit budsjettframlegg i balanse - og funne nokre nye inntektskjelder. Foto: Ole Ramshus Sælthun
KUTTAR: Rådmann Alf Olsen jr. har kutta på mange postar for å få eit budsjettframlegg i balanse - og funne nokre nye inntektskjelder. Foto: Ole Ramshus Sælthun

Føreslår å stenga begge bassenga

Formannskapet varsla at dei kom til å gjera mange endringar i budsjettet rådmannen i Lærdal har lagt fram.

Lærdal: – Det har vore krevjande å få til eit budsjett – dette var det me klarte innan tidsramma me hadde, innleia rådmann Alf Olsen jr.

På lista over innsparingar står mellom anna:

  • Ta ned 3,5 stillingar innanfor oppvekst. Fleire stillingar enn dette blir kutta som resultat av nedlegginga av Ljøsne skule, men det kan koma nye stillingar innanfor vidareutdanning som gjer at kuttet på oppvekst totalt blir mindre og 3,5 stillingar er det som no ligg inne i totalen. 
  • Vurdera leiarstruktur i barnehagane
  • Ta ned Pleie og omsorg med 5-6 stillingar, resultat av felles personalbase, leggja om turnusane og intern omfordeling av oppgåver
  • Deler av løna til ordførar vert refundert av Næringsfondet ettersom ein del av stillinga er utviklingsarbeid. Også løn til stillinga planarbeid knytt til næringsutvikling skal takast frå fondet.
  • Politiske møter på kveldstid.
  • Halda stillinga som kulturkonsulent vakant og kutta tilskot til lag og organisasjonar. 
  • Stenga Kulturbanken og samfunnshuset på Borgund
  • Ta betaling for kommunale bygg
  • Reduksjon av tenestefrikjøp, reiseutgifter og telefonutgifter
  • Ta meir betalt for IKT-tenester
  • Auka inntekter frå Okken kraft og Lærdal energi
  • Auka av skatteanslaget, går frå tre til eitt års prognose
  • Slå saman to stillingar til ein på tekniske tenester

– Å auka inntekt frå Lærdal Energi og Okken Kraft ser eg på som eit eigongstiltak for å få endane til å møtast, der stikk me sugerøyr ned i noko som treng til å utvikla seg. 

– Skeptisk til det som går utover dei mjuke verdiane

Den første som tok ordet var Kåre Mentz Lysne (Ap). Han tykte dei hadde hatt knapt med tid til å sjå på budsjettet ettersom politikarane fekk det to dagar før formannskapsmøtet:

– Eg kan ikkje stå inne for alt som står der. Og det er ikkje så lett å orientera seg. - eg saknar ein del oppstillingar og vedlegg for å sjå neste års budsjett opp mot kva som er brukt i år. 

Gro Starheimsæther (Sp) signaliserte at fleire av punkta kom til å bli diskutert i hennar parti: 

– Utgangspunktet var at me ikkje skulle ta inn Okken i drifta, så har me brukt eitt år på å ta det inn og eitt år til på å auka dette.  Møter på kveldstid er eg lunken til, me driv ikkje med dette på heiltid, då får mange 12-14-16 timars dagar. Eg er også skeptisk til det som går utover dei mjuke verdiane; å stenga symjebasseng og kutta tilskot til kultur og idrett - det plar ikkje vera smart å kutta i frivillig arbeid. 

– Når det gjeld Okken Kraft og Lærdal Energi er det for å få endane til å møtast. Eg har snakka med dei og har ei forståing av det ikkje er krise for nokre av dei. Men styra deira bestemmer til slutt, sa rådmann Olsen.

- Skal ikkje vera avhengig av svingande inntekter

Trond Øien Einemo (H) meinte budsjettframlegget var for mykje fokusert mot å finna nye inntektskjelder heller enn å ta ned drifta.

– Me er rimeleg einige om at me har for høgt driftsnivå samanlikna med dei fleste. Dette framlegget prøver å finna enno meir inntekter. Det blir eit mistilhøve mellom det me vil og det me diskuterer her. At kommunal drift ikkje skal vera avhengig av svingande inntekter er målet.

Rådmann Olsen svara at han meiner det er ei smertegrense for kor mykje ein kan ta ned på drifta

– Det handlar om vår evne til å følgja opp næringslivssatstingar, her kan Håbakken vera eit døme. At me skal driva utviklingsarbeid og følgja opp satsingar har de sjølve sagt. Poenget er ikkje å ha flest mogleg tilsette i kommunen, men finna den rette balansen.

Øien Einemo på si side sakna Økonomi- og handlingsplanen og meinte budsjettframlegget var lausrive frå denne.

– Ein må skrella vekk det som kan skrellast vekk. Så får ein heller tilsetja folk att der ein treng det. At ein skal ta ein organisasjon forsiktig ned - der er eg ikkje på linje med deg.

– Ikkje sjølvsagt

Olsen nemnde at dei også hadde arbeidsmiljøloven å forhalda seg til, men understreka også i diskusjonen vidare at han forstod det vart stilt spørsmål ved framlegget

– Det har med tidsfaktoren å gjera, og dette var så langt me kom. Så er det mine meiningar som ligg til grunn her, de må gjerne vera ueinige i dei.

8.desember skal formannskapet vedta budsjettet før kommunestyret gjer endeleg vedtak 15.desember. I denne omgang vedtok formannskapet å leggja det ut på høyring.

Sjølv om politikarane signaliserte at det ville bli ein del endringar, berømma likevel Solheim rådmannen for å ha levert eit budsjettfranlegg i balanse

– Det var ikkje sjølvsagt.

Til toppen