Pollestad reagerer spesielt på den foreslåtte samanslåinga av Hordaland, Rogaland og Sogn og Fjordane til ein ny vestlandsregion.
– Det er klart dei må vere sjølvstendige, noko anna blir berre krangel, seier Pollestad, og viser til korleis bispedømma er inndelte mellom Bjørgvin, som blir styrt frå Bergen, og Stavanger, som blir styrt frå Stavanger. Han trur bispedømma kan fungere som nye regionar, fordi dei er innarbeidde i medvitet og identiteten til folk. Eit bispedømme er eit kyrkjeleg forvaltningsområde, og dei elleve bispedømma blir brukte både av katolikkar og protestantar.
Ideen får støtte frå Kirkerådets direktør Jan-Petter Johnsen.
– Vårt inntrykk er at bispedømma er gode inndelingar som fungerer og gir felles identitet, seier han.