REDNING: Forslaga i den nye tiltaksplanen for å sikre den atlantiske villaksbestanden går blant anna ut på å minske påverknaden frå oppdrettsnæringa.
REDNING: Forslaga i den nye tiltaksplanen for å sikre den atlantiske villaksbestanden går blant anna ut på å minske påverknaden frå oppdrettsnæringa. (Foto: Arkivfoto)

Føreslår lukka anlegg og merking av oppdrettslaks for å redde villaksen

Miljødirektoratet har føreslege ein tiltaksplan for å ta vare på den atlantiske villaksen.

Oslo: Klima- og miljødepartementet har gjeve Miljødirektoratet oppdraget med å lage ein tiltaksplan for å ta vare på ville bestandar av atlantisk laks. Direktoratet peikar blant anna på lukka oppdrettsanlegg og merking av oppdrettslaks for å sikre dette. I tillegg føreslår direktoratet å redusere sjøfisket av laks, skriv Nationen

Forslaget har blitt godt motteke av ulike villaksaktørar. Generalsekretær i Norske Lakseelver, Torfinn Evensen, seier til Nationen at politikarane må ta ansvar og påleggje oppdrettsnæringa funksjonskrav som gjer at den ville laksen overlever. 

– Jo lengre dei ventar med fornuftige krav, jo dyrare vert det. Det er ingen tent med, seier Evensen. 

Den ukontrollerte påverknaden frå oppdrettsindustrien er ifølgje Evensen den største utfordringa for villaksen framover. 

Tiltaksplanen frå direktoratet skal sikre at villaksstammen held kvalitetsnorma. Denne vart vedteken i 2013 og er ein standard som alle laksestammar bør nå. Føremålet med norma er blant anna å bidra til å ta vare på og gjennoppbyggje bestandar til ein storleik og samansetjing som sikrar mangfald innanfor arten, ifølgje Nationen. 

Miljødirektoratet meiner  påverknad frå oppdrettsnæringa den største årsaka til at villaksen ikkje når kvalitetsnorma. Berre 29 bestandar av 148 som har blitt testa etter kvalitetsnorma i Noreg nådde opp til krava om god eller svært god kvalitet.

I dag er 110 elvar stengt for laksefiske blant anna på grunn av sviktande bestand eller fordi ein ikkje veit nok om laksen i elva. 

Til toppen