STADIG VEKST: Talet på passasjerar som kjem til Vestlandet på cruise, aukar for kvart år. Ein handlingsplan for korleis regionen kan møta den store veksten er no på trappene. Her cruiseskip ved kai i Geiranger.
STADIG VEKST: Talet på passasjerar som kjem til Vestlandet på cruise, aukar for kvart år. Ein handlingsplan for korleis regionen kan møta den store veksten er no på trappene. Her cruiseskip ved kai i Geiranger. (Bilde: Kirsten Offerdal/NPK)

Føreslår miljøvederlag for cruisepassasjerar

I desse dagar blir eit utkast til handlingsplan for cruisetrafikken på Vestlandet sendt ut på høyring. Der blir det mellom anna føreslege at det bør greiast ut å innføra eit miljøvederlag for cruisepassasjerar.

NPK: I planutkastet heiter det at ein bør be sentrale styresmakter om å greia ut ulike modellar for eit slikt miljøvederlag. Spesielt bør ein sjå nærmare på ordninga som er innført på Svalbard med ei miljøavgift på 150 kroner for kvar gjest, heiter det.

Ambisiøse mål

Tiltaket er eitt av mange verkemiddel for å nå det overordna målet med å utvikla cruiseturismen i Vestlandsfylka på ein berekraftig måte, slik at ein både tek vare på natur, kultur og miljø og samtidig aukar lokal verdiskaping og lønsemd i regionen. Målet er ikkje mindre enn at Vestlandsregionen skal bli internasjonalt leiande på berekraftig cruiseturisme.

Betre spreiing av trafikken mellom hamner og utviding av sesongen er andre delmål for å få til ein betre balanse mellom klima og miljø på den eine sida og lokal verdiskaping på den andre sida.

Ikkje turistskatt

Når det gjeld miljøvederlag for cruisepassasjerar, blir det streka under at dette ikkje må forvekslast med ein generell turistskatt der målet er å dekkja utgifter til mellom anna tilrettelegging og vedlikehald av populære turistattraksjonar. Ein slik turistskatt har det til no ikkje vore politisk stemning for å innføra her i landet.

– Eit miljøvederlag for cruisepassasjerar vil derimot vera meir retta mot ei spesiell gruppe reisande med eit bestemt transportmiddel, på same måten som flyseteavgifta, heiter det.

Omdiskutert forslag

Det blir vist til at mange i cruisenæringa er opptekne av å få vurdert eit slikt tiltak, samtidig som forslaget er kontroversielt.

Handlingsplanen ber no sentrale styresmakter greia ut og ta stilling til om det er handlingsrom for eit slikt vederlag anten på nasjonalt eller regionalt nivå.

Planen inneheld også forslag til ei rekkje andre tiltak for å nå måla i cruisestrategien for Vestlandet som blei vedteken i fjor. Det er Vestlandsrådet som har teke initiativ til at det skulle utarbeidast ein slik strategi. Både strategien og forslag til handlingsplan er utarbeidd av Trond Amland i firmaet 2469 Reiselivsutvikling på oppdrag frå dei fire vestlandsfylka.

Kraftig auke krev handling

Det er første gongen det blir utarbeidd ein strategiplan og ein handlingsplan for cruisetrafikken i landsdelen. Bakgrunnen er den store veksten i cruisetrafikken og behovet for å balansera denne utviklinga i høve til miljø og klima

Frå 2015 til 2017 auka talet på dagspassasjerar med rundt 28 prosent. Dette er dei høgste tala som er registrerte innan cruisetrafikk både i Noreg og i Vestlandsregionen, heiter det i utkastet til handlingsplanen. Til saman hadde dei fire vestlandsfylka i år 2.212760 dagspassasjerar.

I åra framover er det venta at cruisetrafikken vil halda fram å auka. Det blir vist til at talet på cruisepassasjerar ifylgje Transportøkonomisk institutt kan koma til å bli dobla dei neste 24 åra.

– Då er det endå viktigare å få fram berekraftige løysingar som inneber at vi framleis har eit reint og godt produkt, og at vi framleis har lokalsamfunn som er attraktive både for fastbuande og besøkjande, heiter det i sakspapira til Vestlandsrådet som nyleg behandla saka.

No blir planutkastet sendt ut på høyring. Høyringsfristen går ut ved nyttår. Deretter skal dei fire fylkeskommunane på Vestlandet handsama planen før han blir endeleg godkjent i Vestlandsrådet.

Til toppen