MANGE LØYVER: Målet under reinsjakta i Nordfjella til hausten er å redusera bestande og ta prøvar frå skrantesjuke av flest mogleg individ. Arkivfoto: Harald Skjerdal
MANGE LØYVER: Målet under reinsjakta i Nordfjella til hausten er å redusera bestande og ta prøvar frå skrantesjuke av flest mogleg individ. Arkivfoto: Harald Skjerdal (Foto: Arkiv)

Føreslår tre gonger lengre reinsjakt

Til hausten kan det bli reinsjakt i Nordfjella sone 1 frå 10. august til 31. oktober. Også fellingskvoten kjem etter alt å døma til å auka monaleg.

Lærdal/Aurland: – Eg kallar det førebels litt høgttenking. Men me har teke den alvorlege situasjonen innover oss og har ein plan for kva grep me ser føre oss dei tre-fire åra som kjem, seier Lars Nesse, leiar i villreinnemnda for Nordfjella og Fjellheimen.

Under eit møte i førre veke mellom nemnda og villreinutvalet i Nordfjella  – sistnemnde representerer grunneigarane – diskuterte ein å utvida jakttida og auka løyvetildelinga vesentleg i Nordfjella sone 1. Dette er området mellom rv. 52 Hemsedalsfjellet og fv. 50 Aurland der skrantesjuka har vorte påvist på tre villreinar.

Les også: Dette var «monsteret» sitt første offer

Les også: Denne bukken har symptom som er typisk for skrantesjuke

1750 løyver

Det var Sogn Avis som først melde om at nemnde og utval no ser på moglegheita for reinsjakt frå 10. august til 31. oktober i denne sona. Vanlegvis er jakttida her frå 20. august til 20. eller 25. september i Nordfjella. Vidare ligg det på bordet at fellingskvoten blir på 1750 frie løyver, det vil seia at ein skyta rein uavhengig av kjønn og alder. Ein kan også skyta ein kalv per frie løyve, slik det er føreslege.

– Me vil ikkje koma i situasjonar der jegerar kjem nedatt og seier dei ikkje kunne skyta fordi dei hadde feil løyve. Men bukkejakta legg me opp til at skal slutta 15. september, seier Nesse.

Grunnen til dette er at bukkane kjem i brunst rundt midten av september, og då blir kjøtet uetande. 

Totalt er det om lag 1800 rein i sone 1, utifrå teljinga som nyleg vart gjort med fly. Så kjem det til kalvar på førsommaren. Kvoten tilseier altså at ein i teorien kan skyta ut meir eller mindre heile stamma, men ettersom fellinga plar liggja på mellom 30 og 40 prosent av tildelt kvote – og at slik fellingsprosent blir utfordrande å oppnå med ein vesentleg større kvote – er det i praksis snakk om å redusera bestanden.

Les også: Meiner heile villreinsstamma i Nordfjella bør sanerast

Den lange jakttida som er føreslege vil kunne dra opp att fellingsprosenten. Grunnen til dei drastiske tiltaka er altså å redusera smittepress og kartleggja omfanget av skrantesjuka i størst mogleg grad. 

– Det er semje mellom villreinutvalet og villreinnemnda om å gå til kraftig nedskyting, seier leiar i Nordfjella villreinutval, Sigmund Tveitehagen til Sogn Avis.

– Bør testast enno meir

Villreinnemnda er politisk oppnemnd. Medan utvalet vil koma med si endelege innstilling til kvote og jakttid under årsmøtet 29. mars, blir dette avgjort under årsmøtet nemnda 19. april. Ein må også få dispensasjon frå Miljødirektoratet ettersom det her er tale om jakttid som går utover dei fastsette jakttidsrammene på villrein.

Den komande jaktsesongen blir det også storstilt testing for skrantesjuke på felt vilt, og Mattilsynet har uttalt eit mål om 20 000 prøver.

– Eg meiner det burde testest enno meir. Å finna ut mest mogleg om kor vidt dette kan ha spreidd seg til andre områder og andre artar av hjortevilt er heilt essensielt, seier Nesse.

Les også: Eit nærast umogleg val

Eit anna moment som ligg inne er å få meir samjakt i sone 1, det vil seia at grunneigarar på ulike jaktfelt tillet jegarar med løyver på andre felt å jakta hjå ein sjølv.

– Dette er opptil kvar enkelt grunneigar; ingen organ kan setja grunneigarretten til sides. Men me håpar det blir større omfang av samjakt, seier Nesse.

Forskrift om salting like rundt hjørnet

I tillegg til at opplegget for jakttid og løyvetildeling skal avgjerast i nær framtid, er også ei revidert utgåve av forskrifta om skrantesjuke frå Mattilsynet like rundt hjørnet.

Den gjeldande forskrifta forbyr salting og fòring av vilt i fleire fylker – mellom anna Sogn og Fjordane – men seier ikkje noko om salting og fòring av beitedyr. Og ettersom salting blir sett på som eit effektivt verkemiddel for å halda beitande sau meir samla, ventar beitenæringa no spent på kva som vil koma i den reviderte forskrifta.

Les også: Saltstein kan vera smittekjelder

Les også: Innfører forbod mot saltstein og fôring

– Eit spørsmål her er kva ein vil gjera med alle saltingsplassane som har vore der i mange, mange år. At desse har vore knutepunkt for både sau og vilt er klart, så då må ein truleg gjera noko med dei, seir Nesse.

Poenget er altså at fordi skrantesjuke kan smitta i lang tid gjennom urin og avføring som blir liggjande i jorda, kan slike saltingsplassar føra til større fare for smittespreiing, også til andre typar hjortevilt og i verste fall sau – dersom sau kan bli smitta av skrantesjuke, noko det ikkje finst ein klar fasit på.

Kor vidt det kan bli aktuelt at desse saltingsplassane blir gjera inn eller dekte til på eit vis, vil altså truleg den ventande forskrifta seia noko om.    

Til toppen