Forfalsking av id og drikking på offentleg stad
(Foto: arkiv)

Forfalsking av id og drikking på offentleg stad

I helga var det mykje folk ute på fest. Spesielt i Sogndal sentrum, der den kjende artisten Julie Bergan spelte konsert. Dette trekte ein del folk til bygda.

Då klokka passerte midnatt vart ein mann i 20- åra meldt for drikking på offentleg stad i Sogndal. Like etter vart ei jente i slutten av tenåra stoppa med falsk legitimasjon på ein utestad. Legitimasjonen høyrte til ei anna jente, som vart meldt for å ha gitt ifrå seg legitimasjonen sin.

Ein halv time seinare slo ein bil hol i bunnpannene på ein fartsdump i Leitevegen i Sogndal. Brannvesenet vart kalla ut på grunn av opprydding av oljesøl.

Då klokka nærma seg to, avslutta politiet to festar i Sogndal. Dette på grunn av støyklagar. 

Til toppen