VEKAS FOTO: God badetemperatur i fjellet, melder Magnhild Feten.
VEKAS FOTO: God badetemperatur i fjellet, melder Magnhild Feten. (Foto: Magnhild Feten)

VEKAS FOTO

Forfriskande badetemperatur med utsyn mot tindane

Vekas foto er teke av Magnhild Feten.

Luster: Det har vore ein strålande sommar, og ein strålande juli. Det syner i alle fall vekas foto. 

– Biletet er teke ein av dei siste dagane i juli oppe på Grånosi, som ligg omlag 1350 meter over havet, fortel Magnhild Feten.

Utsyn mot tindane

Feten har brukt mykje av sommarferien på fjellet, og kan fortelja at Grånosi har fleire spektakulære utsyn. 

– Frå Grånosi er det flott utsyn mot mellom anna Steindalsnosi og Fanaråken, Skagastølstindane og Solebotntindane.

Og til tross for at ho tok seg eit bad i eit vatn høgt oppe på fjellet, kan ho melda om god badetemperatur og fine forhold.

– Det er mange fine vatn der oppe, og temperaturen i vatnet tippar eg låg på 18 grader. Det er slett ikkje verst så høgt til fjells. I tillegg er det faktisk sandstrand der oppe, så dette er litt av ein plass, fortel Feten. 

Glad i både bading og fjellet 

Ho fortel at ho set pris på både vêret ferien har gitt ho, og at dette har ført til flotte moglegheiter for både turar i fjellet.

– Dette var mine siste feriedagar, og for eit ferievêr eg har hatt. Det har vore mange flotte fjellturar med gode moglegheiter for bading. Enkelte dagar har sola steikt så pass at nedkjøling har vore hærleg, avsluttar ho. 

Til toppen