JULEMESSE: Leiar for Årdal i Sogn Røde Kors, Patricia Seglem Lægreid, er nøgd med årets julemesse. Foto: Kaja Nygård 
JULEMESSE: Leiar for Årdal i Sogn Røde Kors, Patricia Seglem Lægreid, er nøgd med årets julemesse. Foto: Kaja Nygård 

Førjulskos på julemesse

Laurdag var det julemesse på Årdalstangen. I tradisjon tru var borda dekka med heimelaga produkt. 

Årdal: Laurdag arrangerte Årdal i Sogn Røde Kors og Nedre Årdal Kyrkjering julemesse. Arrangementet fann stad i kantina i samfunnshuset på Årdalstangen.

Julemessa har blitt ein årleg tradisjon.

- Me har drive på med julemesse i veldig mange år, men det er tredje året me er i dette lokale. Eg synast at dette er eit flott lokale for å arrangere julemesse, seier Patricia Seglem Lægreid.

Mykje fint

Borda var dekt av alt frå strikka sokkar til julenissar.

- Det er mange flinke personar som har laga ting til julemessa i år, og det meste er strikka eller sydd. Det er mykje fint her, fortel Seglem Lægreid.

Artikkelen held fram under bilete

HEIMELAGA: Det var mange fine og heimelaga produkt til salg.
HEIMELAGA: Det var mange fine og heimelaga produkt til salg.

Ho fortel vidare at dei også har loddsal, der ein kan vinne mange fine gevinstar.

- Me byrja å selje lodd frå loddbøker i byrjinga av november.

Inntekta frå julemessa skal blant anna gå til å gi blomster til dei som fyller runde år på sjukeheimen.

Underhaldning

På julemessa var det også sal av kaker og kaffi. Kakene var laga av damene i Nedre Årdal Kyrkjering og Årdal i Sogn Røde Kors.

- Det er mange som har komme innom, og mange har nytta seg av kafeen me har stelt i stand.

Artikkelen held fram under bilete

KAFFI OG KAKER: Mange kjøpte seg kaffi og kake på kafeen på julemessa.
KAFFI OG KAKER: Mange kjøpte seg kaffi og kake på kafeen på julemessa.

I år stod også god underhaldning på programmet.

- Ballettdansarar opptrer på julemessa i år, samt songelevane til Elizabeth Søvik. Det er veldig flott at dei ville vere med på julemessa, avsluttar Seglem Lægreid. 

Til toppen