FOR FAMILIEN: Arrangementet er lagt opp for hiel familien. Foto: Andreas Aannevik
FOR FAMILIEN: Arrangementet er lagt opp for hiel familien. Foto: Andreas Aannevik

Førjulsmoro for heile familien

Mange familiar møtte opp under årets Førjulsmoro i Sogndal Kulturhus.

Denne laurdagen tok mange familiar turen til Sogndal Kulturhus sin julemarknad med navnet Førjulsmoro. Julemarknaden blir arrangert første helga i desember kvart år.

Arrangementsansvarlig ved Sogndal Kulturhus, Karoline Eggum Lerum, fortel at det brukar alltid å vere mykje folk på Førjulsmoro.

– Det brukar å vere eit jevnt trykk, med mykje folk heile dagen. I år har det også vore ein del familiar her. 

– Førjulsmoro er ein marknad for heile familien. Som oftast kjem dei eldre litt tidlig for å sjå på julebakst og slikt. Så kjem resten av familien for å ete graut på grautkafeen seinare. Eit høgdepunkt for dei minste er når nissen kjem med pakkar, fortel Eggum.

Artikkelen held fram under bilete.

GLEDE: Ungane synte stor glede då dei framførte for publikum.
GLEDE: Ungane synte stor glede då dei framførte for publikum.

 Etter sjølve marknaden var det tid for juleforestilling med elevar frå kulturskulen, skulemusikken og ballettskulen. Der foreldre, besteforeldre og søsken kom for å sjå på dei unge lovande. Elevane imponerte publikum med dans, sang og musikk. 

Karoline legg til at arrangementet er lagt opp slik at heile familien kan delta.

Lokka med av kollega

Porten.no tok ein prat med Nina Hauge Sørensen, som er ein av dei som selde produkta sine på julemarknaden. Nina fortel at dette er fyrste gong ho er med på marknaden, men ho har fått ei god oppleving.

STRIKKEPRODUKT: Dei to damene sel strikkeprodukt og hekleprodukt som dei har laga sjølve.
STRIKKEPRODUKT: Dei to damene sel strikkeprodukt og hekleprodukt som dei har laga sjølve.

– Eg vart lokka med av kollegaen min Anne-Britt som eg jobbar saman med i barnehage. Me sel forskjellige produkt men samarbeidar om salet. Eg har hatt ei god oppleving av marknaden, og salet har gått bra. 

– Folk ser ofte på produkta litt tidleg på dagen, så kjem dei kanskje igjen seinare og kjøper. Så er det noko med at folk får tak i navnet ditt, slik at ei kan promotera det seinare.

 

 

 

 

Til toppen