RUDOLF ER RAUD PÅ NASEN: Sogndal skulemusikk framførte den kjente julesangen Rudolf er raud på nasen for eit nesten fullsett kulturhus laurdag ettermiddag.
RUDOLF ER RAUD PÅ NASEN: Sogndal skulemusikk framførte den kjente julesangen Rudolf er raud på nasen for eit nesten fullsett kulturhus laurdag ettermiddag. (Øyvind Nondal)

Førjulsmoro i Sogndal

Julenissen kom på besøk og delte ut gåver til dei minste.

Sogndal: Den første laurdagen i desember er det fast tradisjon med «Førjulsmoro» på kulturhuset i Sogndal.

Marknads- og arrangementsansvarleg Karoline Eggum Lerum seier til Porten.no at arrangementet har vore fast sidan kulturhuset opna i 1991.

– Førjulsmoro er meint som eit arrangement for heile familien der dei kan komma i julestemning, legg Lerum til.

I vestibylen har lokale handverkarar salsbodar med sal av julebakst og heimelaga julegåver.

SELDE JULEKAFFI: Heidi Stevning var med og selde kaffi på Førjulsmoro i dag.
SELDE JULEKAFFI: Heidi Stevning var med og selde kaffi på Førjulsmoro i dag.

Ein av desse var Sognefjord kaffibrenneri. 

Dagleg leiar, Kjetil Russenes, seier til Porten.no at dei hadde eit overraskande bra sal, og at det var god stemning.

– Vi selde mykje av den nye colombianske kaffien, legg Russenes til.

Kaffien er heilt ny og kom inn i førre veke. Det gjekk også ein del julekaffe seier han. Så mykje at dei held på og utviklar ein ny variant julekaffi. 

På kulturhuset var det også grautkafe og ei juleforestilling.

Elevforestilling med kulturskulen

Sogn kulturskule samarbeider med kulturhuset om juleforestillinga, saman med ballettskulen og skulemusikken.

Rektor ved Sogn kulturskule, Roald Sandnes, seier til Porten.no at kulturskulen var skipa i 2006 ved at kommunane Luster, Sogndal og Leikanger slo saman sine kulturskular.

– Skulen driv desentralisert undervisning, og har ein eller fleire undervisningsstadar i dei tre kommunane, seier Sandnes.

Skulen har ei distriktsmusikargruppe med hovudbase i Sogndal.

Sogndal ballettskule er ein privat skule som vert driven av Leyeune Avdal frå Årdal. Ho har drive ballettopplæring i heile Sogn i ei årrekke, og har mellom anna hatt ballettgrupper i Gaupne for kulturskulen. 

Mange utstillarar

I år var det heile 16 utstillarar med salsbod. Dei som deltok var:

Hus, heim og husflid

  • Astri Holum: Maleri, ullprodukt, smykker og armband 
  • Sogndal Ressurssenter: Diverse hobbyartiklar; boksar m/ tennbrikettar, betongnissar, fakkelboksar, skjerefjøler m.m
  • Ingela Johansson: Gåveprodukt; kransar, englar, lykter m.m
  • Berit Haukereid: Tova nissar og englar + strikka produkt
  • Anna Skarsbø: Strikking og veving
  • Magnhild Ylvisåker: Strikkaprodukt; sokkar, vottar, huer, korger i tre og dokkekler
  • Maichen Solnes Beeder: Tova vottar og tøffler
  • Remi Lunde Solbakken: NVRLND sokkar/ mariusmønster sokkar 
  • Tatiana Lægreid: Heimelaga gelè/syltetøy, naturleg kosmetikk, såpe, vokslys, fermentert geitrams te
  • Hilde Iren Rust: Geriljabroderi/broderikunst, bakst og diverse husflidsvarer 
  • Ruth Karin Kvam: Saueskinn frå Kvam Gard på Hafslo
  • Jostein Kvåle: Geiteskinn, kasjmirgarn, spekepølse av geit

Mat og drikke

  • Synnøve Fretheim: Lefsekling og sunnfjordlefser
  • Sognefjord Kaffibrenneri: Kaffi
  • Yada Thaimat: Vårrullar, thaisuppe og julekaker 

Keramikk og tredreiing

  • Katalin Bakke: Keramikk
  • Oddbjørn Ramstad: Tredreiing
  • Jermund Breili: Trearbeid og tredreiing

Kosmetikk og hudpleie

  • Ida Nornes: Forever Living - produkt
Nissen delar ut gåver (Bilde: Øyvind Nondal)
Nissen delar ut gåver (Bilde: Øyvind Nondal)
Sogndal skulemusikk (Bilde: Øyvind Nondal)
Sogndal skulemusikk (Bilde: Øyvind Nondal)
Sogndal skulemusikk (Bilde: Øyvind Nondal)
Ballettskulen (Bilde: Øyvind Nondal)
Publikum (Bilde: Øyvind Nondal)
Til toppen