STORSTILA AKSJON: Den statlege jakta starta tidleg i november. Målet er å skyta 1500 villrein før våren, i eit forsøk på å hindra at skrantesjuka skal spreia seg.
STORSTILA AKSJON: Den statlege jakta starta tidleg i november. Målet er å skyta 1500 villrein før våren, i eit forsøk på å hindra at skrantesjuka skal spreia seg. (Bilde: Aleksander Åsnes/NRK)

MEININGAR

Forlat dei ikkje, for dei veit kva dei gjer

Haakon Skjerdal frå Aurland tek i dette innlegget til orde for å stogge nedslaktinga av villreinen. Han seier mellom anna Statens naturoppsyn bryt lovene når dei brukar snøscooter i jakta, at sjølve nedslaktinga er grovt dyreplageri, og at drektige simler vert jaga opp på skrinne fjelltoppar der dei ikkje vil finna maten dei treng.

Meiningar: Den grusame nedslaktinga av villreinen i sone 1 i Nordfjella går sin gang, utan at så altfor mange reagerer. Eg vel å tru at dette er slik fordi dei fleste ikkje kjenner til kva denne tragiske aksjonen i regi av Mattilsynet og Miljødirektoratet og velsigna av landbruks- og matminister Jon Georg Dale går ut på. Dette er forståeleg, og lett å tilgje, men dei som veit kva dei gjer, eller i det minste burde vite det, får ikkje noko forlating eller tilgjeving frå mi side, med det første!

For kvar villrein med påvist smitte som vert slakta, vert innpå 150 friske villrein avliva og destruert! Dette er dei nakne fakta som prøvetakinga så langt viser!

– Paradoks at Statens naturoppsyn skal slakta ned villreinstamma

Det er den såkalla «Saneringsplan for uttak av villreinbestanden i sone 1» som regulerer korleis slaktinga skal gjennomførast, og tidsramma dette skal skje innafor, er stram; fram til 1. mai 2018 skal om lag 1500 villrein utryddast, av desse om lag 1490 friske (!), og det er statens naturoppsyn (SNO) som har fått det lite ærefulle oppdraget å gjennomføre massakren.

SNO si hovudoppgåve er til vanleg å informere og rettleie alle som brukar naturen og å passe på at reglane i miljølovene blir overhaldne. Typiske arbeidsoppgåver er vilt- og fiskeoppsyn og kontroll med kulturminne, ureining og motorferdsel i utmark.

– SNO bryt fleire gjeldande norske lover

For eit paradoks det må opplevast som for SNO å no vere den som bryt dei fleste av gjeldande lover og reglar for korleis naturen med alle sine skapningar skal skjøttast.

«Det statlige fellingslaget ledes av SNO. Fellingslaget består til enhver tid av 10 personer. Hvert fellingslag ledes av en fellingsleder. Leder av det statlige fellingslaget, herunder den operative lederen, jf. kapittel om organisering, vil ha nødvendige fullmakter til å ta avgjørelser som angår alle praktiske formål for uttak i fjellet.Totalt vil rundt 30 personer engasjeres i fellingslaget slik at dei kan jobbe turnus. I perioder med utfordrende vær eller andre særskilte forhold, kan det avvikes fra turnusen.»

Kva for «nødvendige fullmakter» kan det vere snakk om tru? Truleg omfattar desse fullmaktene løyve til å bryte opptil fleire av gjeldande norske lover. Tek eg for hardt i, tykkjer du? Lat meg då få opplyse om at det blir jakta med snøskuter.

Eg trur nok ikkje at det vert skote frå snøskuter, men alle som har sett korleis villrein reagerer på desse, skjønar at det er vanskeleg å koma seg innpå dyra utan å skremma.

– Drektige simler vert jaga frå beiteplassane og vekk frå matfatet

Til no har det blitt skote mykje storbukk. Dyra med dei beste genane vert tekne ut, men me lyt tru at dei har fått gjort jobben med å vidareføra arvestoffa sine. Då er det straks verre med dei drektige simlene som også blir jaga frå dei få beiteplassane som finst i høgfjellet på denne tida, og opp i snaufjellet, for å sleppe unna.

Det er på denne tida simlene, og villreinen generelt, skal leggje seg opp eit næringslager for å overleve vinteren. Det passar nok godt inn i saneringsplanen at dei ikkje får fred til å gjere dette i år, tenkjer eg!

– Alt utstyr, inkludert snøskuterar, skal destruerast etter at massakren er avslutta

"Alle villrein som felles av det statlige fellingslaget skal felles med våpen som er godkjent til storviltjakt, med påmontert lyddemper. Håndholdte kikkerter skal ha avstandsmåler. Dette vil føre til økt presisjon, bedre dyrevelferd og mer effektiv jakt. Alle i det statlige fellingslaget skal gjennomgå ekstra trening og kursing, som arrangeres av SNO» (Saneringsplan villrein Side 17).

Eg misunner ingen å ha gode reiskap for å gjere ein vanskeleg jobb, men registrerer med ei viss undring at jaktlaga skal utstyrast med våpen, utstyr og ammunisjon som er mest vanleg å nytte på større dyr enn villrein.

Eg får opplyst at produsenten Zeiss trekte seg frå anbodet om å levere kikkertar. Ære vere dei for det, i så fall!

For ordens skuld må nemnast at alt utstyr, inkludert snøskuterar, skal destruerast etter at massakren ar avslutta. Smittefaren, veit du.

– Dyremishandling på verst tenkjelege måte

«Avliving kan skje etter at ett og ett dyr dras ut av et arbeidsgjerde tilsvarende en sil som har plass til 40–60 rein av gangen. Eventuelt kan man ha noen «ventekammer» med plass til 510 dyr hver hvor de som avliver henter dyr fortløpende for å unngå forsinkelser i rekken av arbeidsoperasjoner. Dyrene holdes manuelt og fikseres for bedøving med boltepistol. To personer har ansvar for å fiksere reinen mens den tredje bruker boltpistolen. Ved riktig treffsted i pannen er det tilstrekkelig å stikke dyret innen 60 sekunder».

Ein skulle gjerne tru at sitatet over handla om sau eller andre husdyr, til nød tamrein, men nei, det er framleis snakk om villreinen i sone 1 i Nordfjella.

For den som har hatt gleda av å jakte villrein i årevis, verkar det smått komisk, men mest av alt gruvekkjande tragisk, å registrere korleis dei ansvarlege tenkjer seg at den siste avlivinga skal skje, framleis på ein human måte då, går eg ut frå.

Men i svarte!, her snakkar me om dyr som skyr menneske, som dei – med god grunn – ser som sin verste fiende. Dei som skal gjere jobben, tilsette i SNO og andre erfarne jegerar, må då etter kvart skjøne kva dei er med på, tenkjer eg.

Dette er dyremishandling på verst tenkjelege måte.

– Ramla smitten ned frå himmelen?

Og alt dette skal skje fordi ein har oppdaga eit smittestoff i sone 1 i Nordfjella som er eit trugsmål mot alt hjortevilt. Ja, så langt er eg med; CWD er farleg, men så spør eg meg korleis det kan ha seg at presumptivt oppegåande menneske kan få seg til å tru at løysinga ligg i å slakte ned all villreinen i det aktuelle området.

ME VEIT JO IKKJE KVAR SMITTEN KOM FRÅ! Ramla han ned frå himmelen, tru, vart det planta av uvitande menneske? Smitten finst, garantert ikkje berre i Nordfjella, og det einaste som etter mi meining må skje no, er at:

1: MASSAKREN I SONE 1 I NORDFJELLA VERT STANSA STRAKS.

2: DET VERT LØYVT STATLEGE MIDLAR TIL EIT FORSKINGSPROSJEKT I SONE 1 I NORDFJELLA FOR Å FÅ MEIR KUNNSKAP OM SJUKDOMEN.

3: EVENTUELL JAKT I PROSJEKTPERIODEN MÅ VURDERAST NÆRARE, OG TILPASSAST INNHALD OG METODE I PROSJEKTET.

Til toppen