NY KONTRAKT: Ole Amund Sveen har signert ny kontrakt med Sogndal. Det har også Martin Ramsland. Foto: Halvor Farsund Storvik.
NY KONTRAKT: Ole Amund Sveen har signert ny kontrakt med Sogndal. Det har også Martin Ramsland. Foto: Halvor Farsund Storvik. (Foto: Halvor Farsund Storvik)

Forlenga med tre nye år

Ole Amund Sveen og Sogndal er blitt samde om ein ny treårskontrakt for den offensive spelaren.

Sogndal: 26-åringen har gjort det godt etter at han kom frå Hødd før årets sesong og har signert ein kontrakt fram til 1. august 2019, melder klubben på si heimeside.

– Ole Amund har teke nivået i eliteserien på ein flott måte og har utvikla seg mykje, seier ein nøgd sportsleg leiar, Håvard Flo.

Han kom opprinneleg som midtbanespelar, men har i løpet av sesongen blitt brukt som spiss, og er ein av dei med mest speletid på Bakke sitt lag i eliteserien.

– Ole Amund er ein veldig flott gut som jobbar og står på, og han er ein positiv person for klubben både på og utanfor bana. Difor vel me å forlenga avtalen med han, me vil ha han her i mange år framover, seier Flo.

Ny kontrakt for Ramsland

Sveen er ikkje den einaste med ny kontrakt. Også Martin Ramsland har signert ny treårskontrakt. 23-åringen kom frå Strømmen før sesongen og har spelt 23 kampar i eliteserien, der han har scora to mål hatt fire målgivande pasningar.

– Me er veldig glade for at Martin vel å forlenge avtalen med oss. Martin har kome inn med stor løpskraft, og han jobbar og står på gjennom heile kampen. Har har hatt ein veldig fin utvikling her dette året, seier ein nøgd Flo.

Grodås vert lånt ut

Til slutt kan ein også ta med at Victor Grodås er gått på lån til Kristiansund BK i 1. divisjon. Her skal han tilbringe resten av sesongen.

– Me vel å leige ut Victor til Kristiansund for resten av sesongen, slik at han kan få matching på eit høgt nivå etter skadeavbrekket, seier sportsleg leiar Håvard Flo.

Til toppen