Sogndal: – Me er veldig glade for at kommunen går inn for å styrka aksjekapitalen til Sogndal kulturhus. Alt er ikkje løyst med dette, men det er veldig fint av politikarane ser viktigheita, seier styreleiar i Sogndal kulturhus, Liv Synnøve Bøyum.
Rådmannen tilrådde kommunestyret å skyte inn 250 000 kroner i eigenkapital i Sogndal kulturhus AS. Kronene skulle koma frå overskotsfondet for kultur. Det er om lag ein million kroner disponibelt i dette fondet.
Torsdag gjekk formannskapet inn for å auka aksjekapitalen med 500 000 kroner. Det dobbelte av kva rådmannen føreslo.
- Les òg: Færre går på kino, økonomien trua: – Merkar nok konkurransen frå Netflix
- Les òg: Styreleiaren har søkt kommunen om 500.000 i prosjektstøtte til kulturhuset
Går mot underskot
Besøkssvikten i 2019 er på 14 prosent. Det betyr om lag 400.000 kroner i tapte billettinntekter. Kiosksalet går òg ned. Til saman kan underskotet i 2019 hamna på mellom 800.000 og éin million kroner, skreiv Porten.no tysdag.
Og sjølv med nye innskot frå kommunen, vil tala framleis vera raude.
– Det går uansett mot eit underskot i 2019. Det har skjedd før òg, og det har tært på eigenkapitalen, seier Bøyum.
Prosjektleiar Aage Engesæter vil til våren legga fram eit forslag til korleis kulturhuset bør organiserast i framtida. Håpet er at det vil gje svar på ein del av dei utfordringane huset slit med.