UVISSE: Fordi Fylkesmannen framleis ikkje har avgjort om formannskapet i Gulen er lovleg valt, veit ikkje kommunen om vedtaka som vert gjort vert gyldige eller om møteplanen for resten av året held.
UVISSE: Fordi Fylkesmannen framleis ikkje har avgjort om formannskapet i Gulen er lovleg valt, veit ikkje kommunen om vedtaka som vert gjort vert gyldige eller om møteplanen for resten av året held. (Foto: Vilde Grimelid Oppedal (arkivfoto))

Formannskapet i Gulen ikkje lovleg valt – må velje nytt

Fylkesmannen i Vestland har underkjent valet av formannskap i kommunen på grunn av for få kvinner på listene.

Gulen: – Me skulle hatt formannskapsmøte i morgon, og må drøfte kva me gjer no, seier ordførar Hallvard Oppedal (Sp) etter at Fylkesmannen i Vestland har underkjent valet av formannskap i kommunen.

NRK Sogn og Fjordane melde om saka først.   

Kommunen vert råda til å ikkje ha formannskapsmøte før nyvalet er avklart. 

Porten.no har tidlegare skrive at Gulen Høgre har bede Fylkesmannen vurdere om samansetjinga av formannskapet er lovleg fordi det ikkje er nokon kvinner med. Fylkesmannen bad kommunen vurdere saka på nytt, og kommunen spelte inn at den bør få behalde formannskapet slik det har vore. Valet vart sendt tilbake til Fylkesmannen for vurdering.

To lister ulovlege

Både lista til Sp og H er ulovleg, ifølgje Fylkesmannen. Begge listene har berre éi kvinne, og det er etter lova krav om minst to, ut frå at det skal dere 40 prosent kvinner på listene. 

Ordføraren seier at han ikkje er så overraska over at valet vart underkjent. 

– Eg rekna med det etter at me hadde Skype-møte med Fylkesmannen. Han ser nok strengare på ordlyden "så langt som mogleg" enn det me har gjort, seier Oppedal. 

– Ikkje i tråd med lova

I tilbakemeldinga frå kommunen om valet står det at det er det er særlige forhold som gjer det "urimeleg å oppfylle krava". Valnemnda peikar blant anna på stort arbeidspress på kvinnene som eventuelt vert pålagde å delta i fleire utval, at kommunen eventuelt må velje inn nokon i hovudutvala som ikkje sit i kommunestyret, at dei folkevalde organa kan få ein samanetning som ikkje sikrar kjennskap til alle delar av kommunen og at kommunen då ikkje kan peike ut representantar i formannskapet som følgjer eit demokratisk prinsipp om kven som har fått flest stemmer i valet. 

Denne konklusjonen er ikkje i tråd med lova, ifølgje Fylkesmannen. 

– Me kan ikkje sjå anna enn at argumenta botnar i lokale ønske om ei bestemt organisering, som set til side krava om kjønnsrepresentasjon i kommunelova, står det i svaret. 

Fylkesmannen nemner vidare at reglane om kjønnsrepresentasjon skal praktiserast strengt og at det ikkje er nemneverdig rom for lokalt skjønn.

"Slik vi les ordlyden «så langt som mulig», betyr dette så langt som praktisk mogleg, ikkje ut frå kva som er opportunt eller byrdefullt", skriv Fylkesmannen.

Utset møte 

Det planlagde formannskapsmøtet torsdag vert utsett, seier kommunedirektør Reidun K. Halland. Kommunen skal i staden for leggje ein slagplan for kva den skal gjere vidare. 

Neste møte vil bli eit ekstra kommunestyremøte for å få valt nytt formannskap. 

Til toppen