SEIER JA: John Normann Melheim (Ap) (til høgre) var ein av dei som røysta for tilrådinga frå rådmann Frank Westad. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
SEIER JA: John Normann Melheim (Ap) (til høgre) var ein av dei som røysta for tilrådinga frå rådmann Frank Westad. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Formannskapet seier ja til helsehus

Tysdag røysta formannskapet for eit felles helsehus.

Med fire røyster mot tre gjekk formannskapet inn for rådmannen si tilråding om eit felles helsehus, som kjem til kosta 14,9 millionar kroner.

John Nordmann Melheim (Ap) var ein av dei som røysta ja for tilrådinga.

– Når Arbeidarpartiet har programfesta dette, er det under den overbevisninga om at det er eit generelt behov for å samla legetenestene i Årdal. På den måten vil ein få ei meir økonomisk og rasjonell drift, seier han.

– Dessutan vil ein heva miljøet og standarden på arbeidsplassar og tenester, og sist, men ikkje minst vil ein leggja forholda betre til rette når det gjeld rekruttering av arbeidskraft.

Kauppi røysta imot

Anne Kauppi (Ap), som heile vegen har tala for eit felles helsehus, men snudde førre veka då prislappen blei klar, røysta imot.

– Me har eit finansutval der me går gjennom saka 2. september. Me presiserer det vedtaket som vart gjort 13. mars og får det inn i eit referat. Då fekk me ingen signal frå rådmann om at denne ramma ikkje skulle holda.

Artikkelen held fram under biletet.

IMOT: Anne Kauppi (Ap) og Aleksander Øren Heen (Sp) seier begge nei til helsehuset.
IMOT: Anne Kauppi (Ap) og Aleksander Øren Heen (Sp) seier begge nei til helsehuset.

Då prislappen på 14,9 millionar kroner blei klar førre veka, uttalte ho at ho følte seg lurt fordi ho trudde at i dei 10,5 millionane det blei stipulert med og er rammene for bygget i mars, då gjaldt heile tilstanden på bygget.

– Eg gjekk høgt ut for ei knapp veka sidan og står for det eg sa. Eg synes det er beklageleg at me får ei slik sak i dag. Eg føler meg lurt, seier ho og utgreiar.

– Ingen grunn til å føla seg lurt

Det meiner rådmann Frank Westad at ho har ingen grunn til. 

– Sjølve anbodet blei kjend i slutten av veke 41 og anbodsfristen var 6. oktober. Etter det har eg jobba med tal og difor ikkje hatt nokon forutsetning til å kommentera det den 2. september i og med at tala var kjend ein månad etterpå, seier han til Porten.no.

– Noko blei lagt inn i anbodet, og så har det komme inn ting i etterkant. Den endelege talstorleiken var ikkje klar før i førre veka. Ingen bør føla seg lurt her. Dette er ting som har komme inn i etterkant fordi det var fornuftig å gjera det no for at det skulle bli eit veldig godt prosjekt.

– Dette er ei heilt normal byggeprosjekt-sak. Eg trur ikkje me skal gjera så mykje ut av det. No er det ein ny sum, og det må ein berre ta stilling til. 

La fram forslag om å stoppa prosjektet

Aleksander Øren Heen (Sp) la også fram forslag om å stoppa prosjektet og at rådmann skal greia ut kva tiltak som er naudsynte for å oppretthalde dagens struktur for legekontor og kostnadene ved dette.

– Framlegget vert forma med bakgrunn i den økonomiske situasjonen kommunen er i. Ein finn det ikkje forsvarleg å auka lånegjelda til kommunen. 

– Ein reduksjon av det ubundne disposisjonsfondet av den storleik det er lagt opp til i saka vert feil prioritering når ein ser andre uløyste finansieringsutfordringar kommunen står overfor dei komande åra, seier han.

Artikkelen held fram under biletet.

ORDSTYRAR: Ordførar Arild Ingar Lægreid (Ap).
ORDSTYRAR: Ordførar Arild Ingar Lægreid (Ap).

Dette forslaget vart det røysta mot me tre røyster mot fire. Han utdjupar til Porten.no kvifor han vil stoppa saka.

– Eg meiner det er rett både fordi eg er ueinig i saka, men også fordi eg meiner det er uansvarleg å bruka fondet vårt no. Me treng dei pengane til andre saker som kjem i framtida. Det er på ein måte den vesle sparebøssa vår som no blir tømd.

Potensiell innsparing

Han dreg fram sjukeheimen i Seimsdalen som eit døme på eit betre investeringsalternativ, men trass i at Senterpartiet har programfesta to legekontor, ser han at det ligg moglege innsparingar ved eit felles helsehus. Ifølgje tilrådinga til rådmannen vil desse ligg på underkant av éin million i året.

– Eg ser at det kan ligga potensiell innsparing der, men då er det igjen eit politisk val kva slags struktur ein skal ha. Det er heilt openbart ein politisk innsparing å ha ein skule i Årdal òg, men det er ikkje aktuelt tema fordi ein ønskjer å ha det to plassar. Det er politisk usemje i saka, held han fram.

– Er ikkje det ei urettferdig samanlikning?

– Sjølvsagt, men det er prinisppet eg samanliknar; at ein har eit politisk val om korleis dei kommunale tenestene skal vera. Der har me gått til val om at me skal ha to legekontor, og det står me for.

Dyrt å seia nei

Melheim argumenterer med at prislappen ved å seia nei også kan bli kostbar.

– I 2009 var det ein arkitekt som utreda kva som måtte til for å retta Arbeidstilsynets krav for legekontoret på Tangen, og då blei det stipulert ei kostnadsramme på 4,5 millionar kroner. 

– Når det gjeld det andre legekontoret i Øvre viss ein framleis skal ha drift der, så kan ein ikkje rømma frå dei tinga med tanke på heis og tak. Det vil kosta mykje å oppretthalda status quo og samstundes fråskriva seg rettigheitene ved samlokalisering, seier han.

Torsdag vil me få eit endeleg svar når saka skal opp for kommunestyret.

Til toppen