OPPSAMLINGSPUNKT: Simas hentar metallskrap på ein av oppsamlingspunkta som er etablert i samband med ryddeaksjonen.
OPPSAMLINGSPUNKT: Simas hentar metallskrap på ein av oppsamlingspunkta som er etablert i samband med ryddeaksjonen. (Foto: Lærdal kommune)

Formidabel respons på ryddeaksjon: – Folk vil det skal sjå best mogleg ut i Lærdal

Det uttalar ordførar i Lærdal kommune, Jan Geir Solheim, i ei pressemelding frå Lærdal Næringsutvikling.

Lærdal: Kommunen starta i vinter opp ein aksjon for å få rydda opp i metalskrap rundt omkring i bygda. Responsen har vore formidabel.

– Me har hatt ein fantastisk respons frå innbyggjarane våre, og det viser at folk i bygda er opptekne av at det skal sjå best mogleg ut i Lærdal og at folk er meir enn villig til å bidra når det vert lagt litt til rette, seier ein nøgd ordførar Jan Geir Solheim. 

NØGD: Ordførar i Lærdal, Jan Geir Solheim. Foto: Arkiv

Bestillingar dagleg

Kommunen starta å informera om Ryrddeaksjonen 2019 i februar. Planen var då å laga til ulike hjelpetiltak for å gjere det enklare for folk å rydda. Fyrste tiltak som vart ordna, var avtale med Simas om henting av metallskrap.

Dette vart kunngjort på heimesida til kommunen, i bygdebladet Helg & Kvardag og på Facebook, pluss i infoskrivet til landbrukskontoret.

– Me fekk første bestilling ti minuttar etter første kunngjering, og sidan har det ramla inn henvendingar og bestillingar dagleg. Det har vore ein enorm respons på aksjonen vår, og me ser at når me har legg til rette med slike hjelpetiltak, så har det svært god effekt, seier arealplanleggjar, Monika Lysne.

16 kontainarar 

Det står no 16 kontainarar plassert rundt om etter bestilling, i tillegg er det 21 oppsamlingspunkt. På oppsamlingspunkta hentar Simas inn med kontainerbil. På mange av desse plassane har nabolag og grender gått saman om å etablera større felles oppsamlingspunkt, så det reelle talet deltakarar i aksjonen er mykje høgare.

– Ein positiv effekt, er at folk også går vidare med å rydde anna bos på gardane sine, som landbruksplast, dekk og liknande. Planen er vidare å leggja til rette for andre hjelpetiltak, og me jobbar no med å få på plass ordningar for bilvrak og dekk, held Lysne fram. 

«Grøne Lærdal»

Den friviljuge delen av aksjonen held fram i april. Der det framleis måtte finnast skrap eller skjemmande rot etter 1. mai som er i strid med forureiningslova eller plan- og bygningslova kan det bli aktuelt å gå inn med pålegg og reaksjonar.

– Ryddeaksjonen passar godt inn den nyleg vedtekne visjonen «Grøne Lærdal», der det i kommuneplanen er forankra at kommunen skal vera ein attraktiv kommune å bu og besøke, ved å mellom anna halda det reint og ryddig rundt oss. Så difor ein stor takk til alle som har bidrege så langt, avsluttar ordførar Solheim.

Til toppen