POPULÆR: Tesla Model S har sine feil og manglar. Likevel elskar eigarane bilen. Foto: Thomas Larsen.
POPULÆR: Tesla Model S har sine feil og manglar. Likevel elskar eigarane bilen. Foto: Thomas Larsen.

Fornøgde Tesla-eigarar

Eigarar av Tesla-bilar er plaga av fleire feil enn eigarar av andre elbilar, men er likevel godt fornøgde med valet.

Dei likar merksemda og beundrande blikk. Fleire meiner også at dei køyrer ein elbil som er mykje meir attraktiv enn andre elbilar.

Tesla-eigarar er ikkje som vanlege elbilistar. Heller ikkje feil på bilen rokkar ved gleda over å eige ein Tesla, ifølgje ei undersøking gjort av danske Loyalty Group.

Mange feil

Sjansen for at du har hatt feil på bilen er stor, om vi skal tru undersøkinga som konkluderer med at det er fleire feil på Tesla enn kva det er på ein gjennomsnittleg elbil.

Heile 29 prosent av Tesla-eigarane opplever at det knirkar frå interiøret, mens berre ni prosent av andre elbileigarar opplever det same. 11 prosent har krangla med infotainmentsystemet og 13 prosent har hatt problem med bremsane. Dei tilsvarande tala for andre elbilar er høvesvis tre og fire prosent. I tillegg seier 18 prosent at dei har høyrt ulydar frå drivlina. Fleire Tesla-bilar fekk også bytt drivlinje på grunn av ein fabrikasjonsfeil.

Artikkelen held fram under biletet.

29 PROSENT: Over kvar fjerde Tesla-eigar har opplevd knirkelydar frå interiøret. Samstundes meiner mange at køyrekomforten i bilen er mykje høgare enn i andre elbilar.
29 PROSENT: Over kvar fjerde Tesla-eigar har opplevd knirkelydar frå interiøret. Samstundes meiner mange at køyrekomforten i bilen er mykje høgare enn i andre elbilar.

Likevel er eigarane så fornøgde med bilen at dei oppgir at dei vil velje same merke neste gong dei skal byte bil.

Fornøgde med rekkjevidda

Undersøkinga viser at dei som køyrer Tesla oftare enn andre elbilistar meiner at det er samsvar mellom oppgitt køyrelengde frå produsenten og faktisk køyrelengde. 

Samtidig oppgir 89 prosent av Tesla-eigarane at miljøomsyn var viktig ved val av bilen. For dei andre elbilistane var miljøomsyn den viktigaste årsaka til bilvalet i 86 prosent av tilfella.

Bilinteresse

Tesla-eigarar er opptatt av bilar. Dei har eit lidenskapeleg forhold til bilkøyring og mange blir også spurt om råd av venner og kjende i bilspørsmål. Eigarar av Tesla likar også at andre beundrar bilen og mange er budde på å betale meir for sin Tesla enn dei strengt tatt har råd til. 

Samtidig er dei opptatt av design, pris, storleik på bilen, sikkerheit og gode garantiar.

Det står i grell kontrast til andre elbilistar, der bilinteressa synest å vere fråverande. For dei aller fleste andre som køyrer elbil er bilen berre eit middel for å komme seg frå A til B.

Kraftig auke

Ved utgangen av juli var det selt 2896 Tesla-bilar i Noreg. Det gjer merket til det niande største i kongeriket, og større enn blant anna Kia, Subaru og Opel. 

Blant elbilane er det likevel Volkswagen som er størst. Ved utgangen av juli var det registrert 5.537 elbilar frå det tyske merket, som dermed har ein marknadsdel blant dei elektriske bilane på 35,9 prosent. Tesla er på andreplass med ein marknadsdel på 18,8 prosent.

Artikkelen held fram under biletet.

STØRST: Hittil i år er Volkswagen størst på elbilar i Noreg. Merket har ved utgangen av juli selt 5537 elektriske bilar her til lands, fordelt på Golf (biletet) og den mindre e-Up.
STØRST: Hittil i år er Volkswagen størst på elbilar i Noreg. Merket har ved utgangen av juli selt 5537 elektriske bilar her til lands, fordelt på Golf (biletet) og den mindre e-Up.

Totalt er det selt 15.423 elbilar i Noreg ved utgangen av juli. Det er ein auke på 44 prosent samanlikna med 2014, då det var registrert 10.713 elbilar i same tidsrom.

Undersøkinga er gjort av Loyalty Group, som også står bak AutoIndex. Denne undersøkinga er ein separat analyse der 151 Tesla-eigarar og 216 andre elbileigarar er spurde. (©NPK)

Til toppen