LEGEHJELP: Mange område i Afrika manglar grunnleggjande helsestell, og sjølv enkle tiltak kan redde mange menneskeliv. Her er ein representant for Leger Uten Grenser på jobb i Den sentralafrikanske republikk. Foto: Reuters / NTB scanpix
LEGEHJELP: Mange område i Afrika manglar grunnleggjande helsestell, og sjølv enkle tiltak kan redde mange menneskeliv. Her er ein representant for Leger Uten Grenser på jobb i Den sentralafrikanske republikk. Foto: Reuters / NTB scanpix

Fornuftig givarglede

Mange gir til eit godt formål før jul. Men korleis kan du sørgje for at pengane kjem mest mogleg til nytte?

I utgangspunktet er det fritt fram for alle som ønskjer å samle inn pengar i Noreg. Skal du gi, er derfor første bod å sørgje for at det du gir, blir brukt som lovd.

– Det finst dessverre ein del useriøse organisasjonar der ute, der svært lite av dei innsamla midlane går til formålet, seier dagleg leiar i Innsamlingskontrollen, Børre Hagen. Formålet med Innsamlingskontrollen er å passe på at innsamlingar vert gjennomførte på ein trygg måte, og at midlane vert forvalta forsvarleg.

Artikkelen held fram under biletet

SYRIA: Hjelp til dei borgarkrigsramma i Syria står på agendaen hos mange av dei store hjelpeorganisasjonane denne jula. På biletet ber ein Raude Halvmåne-tilsett ei jente vekk frå eit bombeangrep.
SYRIA: Hjelp til dei borgarkrigsramma i Syria står på agendaen hos mange av dei store hjelpeorganisasjonane denne jula. På biletet ber ein Raude Halvmåne-tilsett ei jente vekk frå eit bombeangrep.

– Så lenge organisasjonen er godkjent av oss, er det trygt å gi til dei, seier Hagen. For at ein organisasjon skal bli godkjent, må han følgje visse rekneskapsreglar. Det er også eit krav om at minst 65 prosent av dei innsamla midlane går til formålet.

– Det er ein myte at hovuddelen av det som vert samla inn, går til administrasjon. Hos dei seriøse organisasjonane går det meste av pengane til formålet, seier Hagen. I fjor gjekk i gjennomsnitt 79,9 prosent av innsamla midlar hos dei godkjente organisasjonane direkte til formålet.

Telefonsal kostar

På Innsamlingskontrollens nettside kan ein sjå kor stor del kvar enkelt organisasjon brukar på administrasjon. Ifølgje Hagen er det derimot ikkje nødvendigvis slik at dei med lågast administrasjonskostnader brukar pengane mest effektivt.

Artikkelen held fram under biletet

TRYGT: Før du puttar pengar på bøssa, bør du forsikre deg om at ei seriøs organisasjon står bak. Her går ein femtilapp til Kirkens Nødhjelp under fjorårets tv-aksjon.
TRYGT: Før du puttar pengar på bøssa, bør du forsikre deg om at ei seriøs organisasjon står bak. Her går ein femtilapp til Kirkens Nødhjelp under fjorårets tv-aksjon.

– For at pengane skal komme til nytte, er det viktig at prosjekta vert drivne på ein god måte, og det krev ressursar, seier han.

Han åtvarar samtidig mot organisasjonar som brukar for mykje pengar på sjølve innsamlinga.

– Å samle inn pengar ved hjelp av profesjonelle telefonseljarar er kostbart. Fleire av organisasjonane som nyttar seg av telefonsal, er på vår OBS-liste, tipsar han. Innsamlingskontrollen har nemleg både liste over godkjente organisasjonar, og over organisasjonar dei anbefaler å ikkje gi til, det vil seie OBS-lista. På sistnemnde liste finn ein både dei som brukar for låg del av dei innsamla midlane på formålet, og dei som driv med regelrett bedrageri, der bakmennene først og fremst har som formål å styrkje seg sjølv.

Artikkelen held fram under biletet

INNSAMLINGSTOPPEN: SOS-barnebyer er den organisasjonen som samla inn mest i Noreg i fjor. På biletet ser du ein SOS-familie.
INNSAMLINGSTOPPEN: SOS-barnebyer er den organisasjonen som samla inn mest i Noreg i fjor. På biletet ser du ein SOS-familie.

Effektiv altruisme

Gir du til dei seriøse organisasjonane, kan du vere rimeleg sikker på at pengane kjem til nytte. Men enkelte går endå lenger, og spør seg kven dei bør gi til for å få mest mogleg effekt for kvar krone.

– Eg er fascinert av det som kallast effektiv altruisme. Det er ei rørsle der ein legg vekt på kvar pengane vil gjere mest nytte. Ofte lar ein tvert imot sitt eige samvit styre kva for eit formål som skal støttast, seier filosof og førsteamanuensis ved BI, Øyvind Kvalnes. Han er aktuell med boka «Hjelp. Hvordan kan vi gjøre en forskjell for andre?»

Her skriv han blant anna om moralfilosofen Peter Singer, som har bidratt til å gjere effektiv altruisme til ei sosial rørsle.

Artikkelen held fram under biletet

HJELPESENDING: Hjelpesending frå Kirkens Nødhjelp på veg til Nord-Irak.
HJELPESENDING: Hjelpesending frå Kirkens Nødhjelp på veg til Nord-Irak.

– Singers utgangspunkt er at vi har eit moralsk ansvar for å hjelpe alle menneske, uavhengig av kvar i verda dei oppheld seg. Han er konsekvensetikar, og målet blir dermed å finne dei organisasjonane som kan hjelpe flest mogleg med dei midlane dei har til rådvelde, seier Kvalnes.

I eit slikt perspektiv vil for eksempel ein tusenlapp til myggnett i malariautsette område hjelpe langt fleire enn ein tusenlapp til hjarteforsking.

Smittsam givarglede

Internasjonalt har tilhengjarar av effektiv altruisme lagt ned mykje jobb i å finne ut kva for organisasjonar som er mest effektive i sine bidrag for å forbetre og redde liv. På sida givewell.org kan ein sjå kva for organisasjonar som tilrådast, og sjå analysane som ligg bak.

Artikkelen held fram under biletet

FASTE BIDRAG: Mange nordmenn gir faste månadlege bidrag til ein av faddarorganisasjonane. Her les ein gut lekser i ein SOS-barneby i Gambia.
FASTE BIDRAG: Mange nordmenn gir faste månadlege bidrag til ein av faddarorganisasjonane. Her les ein gut lekser i ein SOS-barneby i Gambia.

Kvalnes har sjølv gitt til ein av dei nyare organisasjonane som vert tilrådd, nemleg GiveDirectly.

– Organisasjonen gir rett og slett kontantar til svært fattige familiar i blant anna Kenya. Det krev lite administrasjon, slik at ein høg del av pengane går direkte til dei som trenger det. Det vert forska kontinuerleg på effekten av tiltaket, men førebels ser det lovande ut, seier han. Og nemner ein annan effekt av givarglede, nemleg den sosial smitteeffekten.

– Det er gode grunnar for å dele historier om di eiga givarglede, det viser seg nemleg å ha smitteeffekt, seier han.

 

  (©NPK)

Til toppen