NY PLAN: Sogn kulturskule, her frå jubileumskonserten i november, har laga ein plan som skal svare på innvendingane som gjorde at Luster vurderte å trekkje seg ut av samarbeidet. Den planen ser ut til å ha funka. Foto: arkiv.

Fornya tru på Sogn kulturskule i Luster

Trua med å trekkje seg ut, no har vinden snudd.

Luster: Sogn kulturskule har dei siste ti åra vakse til å telje over 300 elevar. Men jubileumsåret har ikkje vore utan kontroversar. 

Politikarane i Luster har vore misnøgde og trua med å trekkje seg ut av samarbeidet, som i dag òg omfattar kommunane Leikanger og Sogndal.

HAR TRUA: Ordførar i Luster, Ivar Kvalen, her i passiar med kollega Jan Geir Solheim i Lærdal, har trua på at Luster vil halda fram med å vere ein del av Sogn kulturskule.
HAR TRUA: Ordførar i Luster, Ivar Kvalen, her i passiar med kollega Jan Geir Solheim i Lærdal, har trua på at Luster vil halda fram med å vere ein del av Sogn kulturskule.

No er det mykje som tyder på at stemninga i Luster er i ferd med å snu.

– Eg trur, så langt eg kan signalisera her, at eg som ordførar kan seia at me kjem til å gå vidare med Sogn kulturskule som i dag, seier ordførar Ivar Kvalen, som kjapt legg til at saka skal handsamast politisk.

Les også: Jubileumsopptur etter turbulent tid: – Veldig deilig

Årsaka til stemningsskiftet er ein plan Sogn kulturskule har laga for imøtekomme Luster sine innvendingar. Planen går ut på å samarbeide tettare med skulane, ha undervising på fleire plassar for å korte ned reisetida, auke satsinga på tradisjonsmusikk og utnytte ressursane betre.

Når politikarane i Luster får saka på bordet i dag er det med ei positiv innstilling frå rådmannen i kommunen om å halde fram.

– Det verkar som ein har teke synspunkta til Luster på alvor. Eg håpar at me klarer å rigga dette slik at ein fortsatt klarer å vere ein kulturskule til det beste for ungdomane våre, seier ordførar Ivar Kvalen.

Til toppen