NY PLATE: Ketil Thorbjørnsen har gitt ut to plater i Verdsmannen-prosjektet sitt. Til hausten kjem den tredje Elden inni. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
NY PLATE: Ketil Thorbjørnsen har gitt ut to plater i Verdsmannen-prosjektet sitt. Til hausten kjem den tredje Elden inni. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Førre album førte til drapstruslar – no vil Verdsmannen visa ei muntrare side

Han har slått seg opp med alvorlege tekstar. På album nummer tre lovar Ketil Thorbjørnsen både lystigare tonar og undertonar.

Årdal: Ketil Thorbjørnsen, eller Verdsmannen som han kallar seg, er så nær som klar med nytt album, det tredje i rekka. Ho har fått arbeidstittelen Elden inni, og er eit steg vekk frå det til tider dystre landskapet musikken hans har okkupert til no.

– Det vert digg å sleppa noko som ikkje er så farleg, seier Thorbjørnsen, og siktar til det førre albumet:

Foto:  Snorre Sandemose

Open for tolking

På Vi treng trøyst, som kom ut i fjor, tok Verdsmannen opp kontroversielle tema, som til dømes innvandring. Det var nok til at han, blant mykje anna, vart kalla landssvikar og fekk drapstruslar på sosiale medium.

Sjølv om kritikken prella av, gler Thorbjørnsen seg til å visa fram ei lystigare side denne gongen. Første singel, 1000 watt, kjem i juli. Thorbjørnsen kallar det endåtil ei ordentleg sommarlåt.

Før han arresterer seg sjølv i neste setning.

– Det blir kanskje feil, for ho kan godt brukast på hausten òg. Det er i allefall koseleg musikk, seier han og skrattar godt.

Takkar gåvmild kommune

Som før har han satsa på lokale krefter i alle delar av platemakinga. Produsent er Alf Magne Hillestad, bandet består av Øyvind Aga, Ørjan Lindborg, Karl Seglem, Tom Karlsrud og Terje Norevik, forutan Thorbjørnsen sjølv.

Same oppskrift som før, med andre ord.

Den lokale forankringa var sentral då formannskapet tysdag vedtok å løyva femti tusen til platainnspelinga, nesten halvparten av budsjettet. 

– Det redda heile prosjektet. Det er fantastisk å få slik støtte og at dei kor viktig det me held på med er. Ikkje minst signaleffekten det gir til dei yngre, som ser at det går an å få til ting om du står litt på, seier Thorbjørnsen.

Munter musikant, dystre tekstar

Arbeidstittelen til plata, Elden inni, refererer nettopp til styrken og motet du treng for å komma nokon veg her i livet. Det er i allefall ei av forklaringane han gir. Men han er ikkje sikker på at ho er rett. 

– Det er ikkje alltid eg skjønnar meg sjølv. Då brukar eg å seia at det er berre dei mest intelligente som skjønnar det, seier Thorbjørnsen og slepp ut ein ny trillande latter.

I det heile tatt, for ein som har gitt seg sjølv merkelappen dyster, er det er mistenkeleg lite som skal til for å få mannen til å le. Det meste han seier blir krydra med små latterkuler innimellom.

– Musikken er ei side der eg kan vrenga ut meg sjølv. Til vanleg er eg ein veldig munter person, forklarer han.

Kan allereie lova nummer fire

Bandet er stort sett ferdige med å spela inn, det står berre «småflikking» att. Plata ønskjer Thorbjørnsen å sleppa på sin eigen bursdag i oktober. 

– Viss alt går etter planen. Men det gjer det jo aldri, seier Thorbjørnsen og... ja du har skjønt det.

Han seier det er mykje jobb bak ei plateinnspeling. Det er ikkje berre å møta opp i studio å spela gjennom sangane. Thorbjørnsen vedgår at det er godt å vita at det går mot slutten. 

Men han har ikkje tenkt å kvila for lenge. 

– Me har allereie byrja å sysla med tanken om eit nytt album. Det blir å gønna på etter jul, seier Thorbjørnsen.

Tilsynelatande heilt alvorleg.

Til toppen