DRAMATISK: Hobbyfotograf Kjell Vikestad frå Vik tok dette biletet av Hove steinkyrkje førre søndag. Nede i saka kan du sjå det i full storleik.
DRAMATISK: Hobbyfotograf Kjell Vikestad frå Vik tok dette biletet av Hove steinkyrkje førre søndag. Nede i saka kan du sjå det i full storleik. (Foto: Kjell Vikestad)

VEKAS FOTO

Førre søndag klaffa alt for hobbyfotografen

Førre helg valde Kjell Vikestad å bruka to timar av livet sitt på eit mørkt jorde i Vik. Kvifor kan du sjå nede i saka.

Vik: Vikestad hadde lenge gått med eit konkret bilete i tankane, og førre søndag var forholda perfekte.

Med ei eksponeringstid på 1 time og 12 minutt fanga han jordrotasjonen i form av dramatiske stjernespor på nattehimmelen over Hove steinkyrkje. Det endelege biletet er sett saman av ni ulike bilete med ei eksponeringstid på åtte minutt kvar.

KLIKK FOR FULL STORLEIK: Kvar stripe på himmelen viser kor mykje stjernene flyttar seg på ein time og eit kvarter. Det skarpaste lyspunktet er polarstjerna. Den som ser nøye etter vil óg sjå fleire rette striper på biletet. Dei stammar frå fly som har passert. Foto: Kjell Vikestad

– Det er ein type bilete som krev ein del planlegging. Vêr og tidspunkt må stemma, og du treng litt ekstra utstyr for å få rett eksponering, fortel fotografen.

– Eg er veldig nøgd med resultatet, seier han.

Tolmodsprøve

Vikestad er sivilarkitekt, men fotografering har vore ein hobby sidan han var 18 år.

Utstyret han brukte var stativ, ekstra batteri, ein programmerbar tidtakar, og lydbok på øyret for å få tida til å gå.

– Eg tok ikkje sjansen på å forlata utstyret, i tilfelle ein hjort eller ein hund eller noko skulle finna på å riva det ned, seier Vikestad.

Til toppen