FYLKESVEG 5633: Seimsdalstunnelen i Årdal kommune.
FYLKESVEG 5633: Seimsdalstunnelen i Årdal kommune. (Foto: Kristine Haglund)

Forsinkingar ved Seimsdalstunnelen onsdag morgon

Dei vanlege opningstidene utgår, og det er sett inn båt mellom Seimsdalen og Årdalstangen. 

Natt til onsdag opplyser Statens vegvesen at opninga av Fv. 5633 Seimsdalstunnelen vert forsinka. Bakgrunnen for dette er at det måtte gjennomførast sikringsarbeid etter sprenging. 

– Avskalingar frå fjellet gjer at me må sprøyta på betong. Før me kan opna opp for trafikk gjennom tunnelen, må betongen herda, seier Jørn Fosen Simonsen, prosjektleiar i fylkeskommunen til Sogn Avis

Ein ny vurdering vil bli gjort klokka 09:00.

Til toppen