ULIKE MÅTAR: Smitten til skrantesjuka kan komme frå sau med skrapesjuke, den kan komme frå andre hjortedyr eller den kan oppstå som ein mutasjon av såkalla pionerar i hjernen på villreinen sjølv. Arkivfoto
ULIKE MÅTAR: Smitten til skrantesjuka kan komme frå sau med skrapesjuke, den kan komme frå andre hjortedyr eller den kan oppstå som ein mutasjon av såkalla pionerar i hjernen på villreinen sjølv. Arkivfoto (Foto: Arkiv)

Forskar meiner det er forhasta å slakte villreinstamme

2.000 villrein i Nordfjella skal bli slakta etter funn av skrantesjuke. Forskar Ketil Skogen synest det er dramatisk å skyte heile villreinstammen.

  • Endret

Lærdal/Aurland: – Det verkar panikkarta å gå til eit slikt skritt. Det er eit uttrykk for eit ekstremt kontrollbehov som pregar naturforvaltninga på veldig mange måtar. Dyra stansar å vere ville dyr fordi dei er så kontrollerte, seier Ketil Skogen, rovdyrforskar, sosiolog og seniorforskar ved Norsk institutt for naturforsking (Nina) til NRK.

Mattilsynet har merkt seg kritikken mot slaktinga, men steller seg til rapporten frå Vitenskapskomiteen for matsikkerheit. Konklusjonen deira er at skrantesjuka bør bli stoppa.

Ifølgje Skogen og andre forskarar ved Nina er det ikkje kjent korleis skrantesjuke smittar. Ein annan Nina-forskar, Olav Strand, forskar på villreinstammen i Nordfjella og er ikkje samd med Skogen.

– Vi skulle ha visst meir om smittevegane. Men den kunnskapen vi har, tilseier at dette må gå fort, og vi må ta det alvorleg, seier Strand til NRK.

(©NPK)
 

Til toppen