OPTIMISTISKE TAL: Ida Marie Gildestad ved Vestlandsforsking seier skisentra i Sogn kjem godt ut av sjølv «Trump-scenarioet» i klimaframskrivingane.
OPTIMISTISKE TAL: Ida Marie Gildestad ved Vestlandsforsking seier skisentra i Sogn kjem godt ut av sjølv «Trump-scenarioet» i klimaframskrivingane. (Bilde: Halvor Farsund Storvik)

Forskar trur snøen i Sogn vil tåla klimaendringane

Medan snøen i Sogn ser ut til å overleva sjølv ei dyster klimaframtid, vil skianlegga i mellom anna Nordfjord, Sunnfjord og Sunnmøre få det langt tøffare.

Sogndal: – Både Hodlekve og Sogn skisenter kjem veldig bra ut i desse framskrivingane. Betre enn eg hadde trudd, faktisk, seier Ida Marie Gildestad frå Vestlandsforsking.

Ho har studert 110 skianlegg i Norge for å finna ut kor sårbare dei er for endringar i klimaet dei neste åtti åra. 

Konklusjonen er at dei kystnære og lågtliggjande anlegga vil slita, medan resten stort sett vil greia seg. Spesielt om dei er villige til å tilpassa seg.

– Dette ikkje er slutten for skisporten i Norge, men det blir store regionale skilnader, seier Gildestad.

NOK SNØ: Hodlekve er kjent som snøsikkert og blir det truleg òg i framtida. Foto: Øyvind Nondal

Sogn kan bli enno større skidestinasjon

Ho er ikkje veldig overraska over at både Hodlekve og Sogn skisenter kjem ekstra godt ut i undersøkinga. Begge ligg relativt høgt og i snørike område. Dei har òg mykje å gå på når det gjeld å tilpassa seg klimaendringane, eit anna område ho har studert. Til dømes har Hodlekve enno ikkje  kunstsnø.

Gildestad trur dei naturgjevne føresetnadane kan styrka posisjonen Sogn vil ha som skidestinasjon i framtida.

– Det vil eg tru. Skisenteret i Hodlekve melder at dei allereie byrjar å få fleire besøkande frå Sunnfjord, medan begge anlegga seier dei får stadig fleire gjester frå Oslo og Bergen. Det er ei ganske ny utvikling, seier Gildestad.

For skisentra i Sogn handlar det mykje om å byggja infrastrukturen som gjer at dei kan nyttiggjera seg av den auka interessa utanfrå.

Snøturisme kan bli butikk i framtida

Generelt håper ho skisentra i Norge nyttar resultata ho har forska fram som inspirasjon til å tenkja nytt. Både om korleis skisentra kan gjera seg mindre sårbare for endringane og korleis dei kan utnytta nye kommersielle moglegheiter som oppstår.

For eksempel er det kanskje mogleg å tena pengar på folk som kjem til landet berre for å ta på snøen? 

– Det òg vil vere klimatilpassing, seier Gildestad.

Andre skiland vil slita langt meir enn Norge. Alpane står det ganske røft til med allereie, opplyser forskaren. Samstundes er skisentra fleire stader passive og lite villige til å høyra om klimaendringar.

Slik sett er det ein dobbel dose optimisme ho kan kome med på heimebane.

– Her byrja dei skisentra eg snakka med å tenkja strategiar og planar med ein gong, seier Gildestad.

Til toppen