DIGITALT KUNNSKAPSLØFT: Høgskulen i Sogndal og Vestlandsforsking går saman for å heva kunnskapen om digitalisering, automatisering, robotikk og stordata.
DIGITALT KUNNSKAPSLØFT: Høgskulen i Sogndal og Vestlandsforsking går saman for å heva kunnskapen om digitalisering, automatisering, robotikk og stordata. (Halvor Farsund Storvik)

Forskarane i Sogndal får 45 millionar til å løfta fram innovativ teknologi

Målet er at bedriftene i fylket skal hausta fruktene, når kunnskap om digitalisering, automatisering, robotikk og stordata no skal under forskarlupa.

Sogndal: Prosjektet har fått namnet Teknologiløft og har eit budsjett på nærare 45 millionar. Det skal gå over seks år og er eit samarbeid mellom Høgskulen på Vestlandet og Vestlandsforsking.

– Ein av dei viktigaste målsettingane for prosjektet, er at den kompetansen som blir bygd opp hos oss skal føra til innovasjonar og betra konkurransekraft for næringslivet i fylket, seier Erik Kyrkjebø, prosjektleiar for Teknoløft, i ei pressemelding.

Forskarane vil difor jobba tett med næringslivet i fylket for å spreia kunnskap, ta mot innspel og utvikla konkrete prosjekt saman med bedriftene.

– Me veit at digitalisering og automatisering vil vera blant dei store satsingsområda i næringslivet dei kommande åra . Grunnleggande forståing av teknologien og korleis me kan nytta den best, er avgjerande for utviklinga framover, seier Merete Lunde, direktør ved Vestlandsforsking, i pressemeldinga.

Ho og prosjektleiar Kyrkjebø har jobba tett om søknaden til Forskingsrådet, som nyleg utløyste 28 millionar kroner til prosjektet. Frå før har fylkeskommunen putta seks millionar og Sparebanken Sogn og Fjordane to millionar i forskingspotten. Dei to institusjonane bidreg òg sjølve med pengar, det same gjer næringslivet. Andre samarbeidspartnarar er Kunnskapsparken og Sintef.

– Mange bedrifter og kompetansemiljø i fylket er alt no med i prosjektet og me vil gjerne ha med oss fleire. Dette skal vera ein open og inviterande arena for heile fylket, seier Kyrkjebø.

Til toppen