SANERINGA HAR STARTA: I dag, tysdag, starta fellingsprosessen som skal resultera i at heile villreinstammen i Nordfjella blir avliva. Foto: Harald Skjerdal.
SANERINGA HAR STARTA: I dag, tysdag, starta fellingsprosessen som skal resultera i at heile villreinstammen i Nordfjella blir avliva. Foto: Harald Skjerdal. (Foto: Arkiv)

Forskarar er urolege for dyrevelferda til reinen i Nordfjella

Bjørnar Ytrehus og Olav Strand, som er forskarar ved Norsk institutt for naturforsking (NINA), har varsla Mattilsynet om det dei meiner er dårleg dyrevelferd blant villreinen i Nordfjella.

NPK: Dette skriv avisa Hallingdølen.

Dei to NINA-forskarane varsla om dårleg dyrevelferd i Nordfjella i ein e-post til Mattilsynet i slutten av oktober. Dei slo mellom anna alarm om stressa dyr.

– Data frå GPS-sendarane kan tolkast til at dyra er meir skremde og stressa enn tidlegare år. Det kan vera naturleg å rekna med at dette har samanheng med at jaktperioden er utvida i tid og jaktinnsatsen utvida i omfang på grunn av den pågåande saneringsprosessen, skreiv dei to i e-posten til Mattilsynet, ifølgje Hallingdølen.

Ytrehus og Strand ba Mattilsynet om å utsetja oppstarten av den statlege fellinga. Førespurnaden blei avvist av Mattilsynet, som starta fellingsprosessen 7. november.

Til toppen