LAKSELUS: Det er mindre lakselus på oppdrettsfisken i år, men på Vestlandet er det så mykje lus at villfisk døyr, viser ny rapportering frå Mattilsynet og Havforskningsinstituttet. Foto: Marit Hommedal / NTB SCANPIX / NPK.
LAKSELUS: Det er mindre lakselus på oppdrettsfisken i år, men på Vestlandet er det så mykje lus at villfisk døyr, viser ny rapportering frå Mattilsynet og Havforskningsinstituttet. Foto: Marit Hommedal / NTB SCANPIX / NPK.

Forskarar fann 1.000 lakselus på sjøaure

I oppdrettsanlegga har det i vår vore mindre lakselus enn i fjor vår. Men forskarar har funne meir enn 1.000 lakselus på éin sjøaure. Det er ikkje uvanleg. 

Indre Sogn: Havforskingsinstituttet (HI) har undersøkt lusetilstanden på villfisk langs kysten opp til Nord-Trøndelag i den tidskritiske perioden då laksesmolten vandrar ut frå elvane.

– Sidan desse fiskane berre er cirka 20 gram vil dei ha problem med å overleve dersom dei får mange lus på seg, seier Ørjan Karlsen som leier det nasjonale overvakingsprogrammet på lakselus.

Dei førebelse resultata viser at lusenivåa er så store at laksesmolt og sjøaure døyr i Hordaland, Sogn og Fjordane og sørlege delar av Møre og Romsdal. I Rogaland er situasjonen betre. Her antar forskarane at lakselusa ikkje har hatt negativ effekt på smolt eller sjøaure. Det same gjeld for Romsdalsfjorden og Trondheimsfjorden.

Høgt smittepress

Verre er resultata frå tråling etter utvandrande smolt i Hardangerfjordsystemet og i Sognefjorden. Begge stader rapporterer HI om "aukande og etter kvart høgt" smittepress på utvandrande laksesmolt.

I Sognefjorden fann HI-forskarane meir enn ti lus på 82 prosent av smolten. I same område vart det funnet svært høge lusetal på sjøaure. Ved Solund i Ytre Sognefjorden vart det funne lus på 95 prosent av den undersøkte sjøauren. Ved Herdlafjorden var det i snitt 71 lus per sjøaure, og på det meste 350 lus på ein fisk. Det mest ekstreme funnet er ein sjøaure ved Herøyosen som hadde meir enn 1.000 lakselus på seg.

Ekstremt, men ikkje uvanleg

– Dette er ekstremt, men ikkje eineståande. Det skulle aldri vore så mykje lus på fisken. Men vi finn kvart år enkeltfisk med så mykje lus på seg og det er ikkje uvanleg på Vestlandet. Men i område utan oppdrett finn vi aldri dette, seier Ørjan Karlsen til NTB.

Havforskingsinstituttets kartlegging av villfisken kjem samtidig som Mattilsynet presenterer sin luserapport om tilstanden i laksemerdane i vår. Her går det fram at dei største forskjellane frå i fjor er at lusenivået på oppdrettsfisken har vore lågare i Trøndelag og Møre og Romsdal, og noko høgare i Troms og Sogn og Fjordane.

Fiskevelferd

Nofima har berekna at lakselus kostar oppdrettarane rundt 10 milliardar kroner i året. Dei brukar no mindre legemiddel og meir mekanisk avlusing enn tidlegare. Den aukande mekaniske behandlinga av oppdrettslaksen bekymrar Mattilsynet som fryktar at fleire fisk blir skadde og døyr under avlusing.

– Denne trenden må vi snu. Undersøkingar viser at god fiskevelferd er mogleg når ein tar omsyn til fiskens tilstand og bruker dei mekaniske metodane riktig. Stadig fleire får det til, men framleis er det for mange som ikkje behandlar skånsamt nok eller utset fisken for mange mekaniske behandlingar på kort tid, seier avdelingsdirektør Elisabeth Wilmann i Mattilsynet.

(©NPK)

Til toppen