Aurland: FoU-prosjektet "Flaum og vassdragsmiljø i eit endra klima – innovative metodar for restaurering og betre miljøstandard" er finansiert av Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) med bidrag frå Sogn og Fjordane fylkeskommune og Fylkesmannen i Sogn og Fjordane.
Prosjektet startar i år og skal gå fram til 2021. Forskarane skal presentere dei første resultata i 2019.
- Les også: No vil dei bu Flåm på 200-årsflaumen
Målet med prosjektet er å komme fram til nye flaumsikringsmetodar som ikkje gir dei uønskte miljøeffektane som tradisjonelle metodar som kanalisering og erosjonssikring kan gi når nedbørsmengdene aukar.
Dei fire elvane skal fungere som "case"-vassdrag, og NVE håper å kunne overføre kunnskapen til andre elvar seinare.
(©NPK)