FORSKING: Chuyan Xie leiar forskingsprosjektet som er blitt tildelt 4,4 millionar frå Forskingsrådet.
FORSKING: Chuyan Xie leiar forskingsprosjektet som er blitt tildelt 4,4 millionar frå Forskingsrådet. (Foto: HVL)

KORONAVIRUS

Forskarar ved HVL er tildelt 4,4 millionar kroner for å forske på pandemitiltak

Forskarar ved Høgskulen på Vestlandet, to av dei frå Sogndal, er i dag tildelt 4,4 millionar kroner frå Forskingsrådet, skriv høgskulen i ei pressemelding.

Sogndal: Forskarar ved Høgskulen på Vestlandet er tildelt 4,4 millionar kroner frå Forskingsrådet for å forske på korleis krisekommunikasjon og tiltak frå styresmaktene verkar på befolkinga under ein pandemi.

I pressemeldinga kjem det fram at det er Ove Oklevik og Helene Maristuen ved Campus Sogndal som skal vera med i forskinga. Dei to er med når Kina, Italia, USA og Norge skal undersøkjast om korleis tiltaka fungerte under koronapandemien.

Eitt av tretti prosjekt

HVL: Ove Oklevik som jobbar Høgskulen i Sogndal skal vera med i forskingsstudien. Foto: HVL

Professor Chunyan Xie ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) skal leie forskingsprosjektet saman med HVL-forskarane Ove Oklevik og Helene Maristuen. Forskinga skjer i samarbeid med internasjonale forskarar frå University of Michigan, University of Milano-Bicocca, og Hunan University.

HVL-prosjektet er eit av tretti prosjekt som no får finansiering, av totalt 78 fagmiljø som leverte inn søknader til Forskningsrådet. og føyer seg inn i rekka av tildelingar høgskulen har fått den siste tida frå Forskingsrådet. Til saman 130 millionar kroner vart hasteutlyst til forsking på spørsmål som er relevante for å handtere utbrotet av koronaviruset.

Skal undersøke reaksjonsmønster

Prosjektet handlar om krisekommunikasjon og tiltak under pandemiar, som til dømes utbrotet av koronaviruset.

Forskarane skal undersøke reaksjonsmønster i befolkinga ut frå tiltak frå tre samfunnsaktørar:  styresmaktene, bedrifter og individ. Målet er å avdekke i kva grad kommunikasjon og tiltak kan framkalle eller redusere emosjonelle reaksjonar i befolkinga som til dømes angst og frykt.

Forskarane vil også finne ut korleis kommunikasjonen og tiltaka kan framkalle andre negative reaksjonar, som klaging, spreiing av misforståingar, og det å nekte å følgje anbefalingar frå styresmaktene. Også positive reaksjonar, som støtte for sårbare grupper og tiltru til styresmaktene skal undersøkast.

Skal samanlikne tiltak på tvers av land

Korleis skal de jobbe i prosjektet?

– Me skal køyre eit felteksperiment i fire land, der kommunikasjon og tiltak vert systematisk variert. Slik at me kan samanlikna tiltak og krisekommunikasjon på tvers av land. I tillegg vert det nokre spørjeundersøkingar som berre kjem til å gå i Norge, seier Chunyan Xie, professor og forskingsleiar.  

Kvifor er det viktig å forske på kommunikasjonen under koronapandemien?

– Det er viktig for å forstå konsekvensane av ulik kommunikasjon og tiltak frå styresmaktene og andre samfunnsaktørar på befolkninga. Slik at ein kan iverksetje dei tiltaka og den kommunikasjonen som verkar best ved eit eventuelt framtidig pandemiutbrot, seier Xie.

– Det er viktig å kome i gong no, medan vi framleis er i ei delvis nedstengd verd. Om to år vil vi ikkje kunne få svara på desse spørsmåla, for då er Korona- utbrotet historie, avsluttar Xie.

Forskingsprosjektet startar opp 1. juli.

Til toppen