FØRSTE GONG: Forskarfabrikken er for ungar i 4. til 6. klasse og byr på leik og læring. For første gong blir sommarskulen arrangert i Årdal. Skjermdump: Forskerfabrikken.no
FØRSTE GONG: Forskarfabrikken er for ungar i 4. til 6. klasse og byr på leik og læring. For første gong blir sommarskulen arrangert i Årdal. Skjermdump: Forskerfabrikken.no

Forskarfabrikk for unge og lovande

– Kva gjer at eit fly flyg, korleis oppstår kjemiske reaksjonar og er stein berre ein stein?

Det er spørsmål ungane kan dukke ned og finne svar på i sommar. Her handlar det ikkje om å lesa seg til svara eller sjå på at læraren skriv på tavla, men at ungane sjølve skal finne svar gjennom å bruke sansane, undre, snuse og å vera nysgjerrige, med kyndig hjelp frå både lærarar og høgskulestudentar i realfag.

Ei veke med leik, undring og læring

Forskarfabrikken er ein sommarskule for 4. til 6. klasse, som for første gong er på plass i Årdal. I ei heil veke kan ungane utforske mineralar, bergartar og fossil for å finne ut korleis dei har vorte til. Ungane kan forske på skjelett, lage modellar av vulkanar og prøve seg på forskjellige spennande kjemiske reaksjonar. Det blir også tid til leiken matematikk, steinjakt og ordtennis. 

Dette er eit kurs som gjer ungane flinkare i naturfag, og som samstundes lærer ungane om kjemi, fysikk, biologi, astronomi og geologi. Men det er ikkje berre læring som står i fokus, det blir også tid til leik. 

– Eit løft i skulearbeidet

– Dette er leik og moro. Også mange som har utfordringar på skulen, får ofte eit positivt løft i skulearbeidet gjennom Forskarfabrikken, fortel Trude Kristiansen i Forskarfabrikken. 

Sommerskulen held til å Tangen skule på Årdalstangen første veka i sommarferien, 22. juni til 26. juni.

Det er ikkje mange plassane att, så har du ikkje meldt på ungane dine kan du gjera det her her. 

Melder du deg på i dag, torsdag 28. mai, får du også Forskarfabrikkens Eksperimentbok heilt gratis. Finn ut meir her.

Til toppen