DUELL: Skoda Octavia Scout mot Mazda 6, begge med drift på alle hjul. Foto: Øivind Skar.
DUELL: Skoda Octavia Scout mot Mazda 6, begge med drift på alle hjul. Foto: Øivind Skar.

Forskjellige – og ganske like

Nye Skoda Octavia Scout og oppgraderte Mazda 6 med firehjulsdrift er mykje likare enn første augekast skulle tilseie. Det Mazda vinn på landevegen, tek Skoda nesten igjen på dårleg veg.

  • Endret

Hyttebil, ropar den tidlegare naboen min der han stoppar ein Subaru Forester for å slå av ein prat. Ex-nabo har hytte langt inne i skogen og køyrer naturlegvis Forester.

Men Forester har fått ein verdig konkurrent i Skoda Octavia Scout. Han er tøff å sjå på, køyrer forbaska godt og blir levert med kraftig motorisering. Testbilen vår responderte betydeleg kjappare ved forbikøyringar enn den japanske konkurrenten. Svært godt utstyrt er han også, ikkje minst med førarstøttesystem som blir stadig viktigare for å ta seg sikkert frå A til Å.

Så kvar kjem Mazda 6 inn her? Jo, Mazda har ikkje berre oppgradert 6 med lekrare og meir funksjonelt interiør, men samtidig lagt til firehjulsdrift for dei som måtte trenge det.

Og nettopp firehjulsdrift er det nordmenn vel hyppigare enn dei fleste bilkjøparar andre stader i verda. For å vere meir konkret: 36,8 prosent av alle som handla ny bil dei fire første månadene i år, valde 4x4. Så velkommen til festen, Mazda.

Prisen først

Mazda 6 er tilsynelatande både større og dyrare enn Octavia Scout. Nei, ikkje utan vidare. Berre fattige 200 kroner skil testbilane våre når begge er maksimalt utstyrt slik nordmenn gjerne vil ha dei. 457.000 kroner for Mazdaen, 457.200 kroner for Skodaen. Kva gjeld Skoda betaler du rundt 20.000 kroner ekstra for alt plastfjaset utvendig og 3 cm betre bakkeklaring samanlikna med vanleg Octavia stasjonsvogn.

Artikkelen held fram under biletet.

MAZDA: Interiør det luktar premium av.
MAZDA: Interiør det luktar premium av.

Tilsynelatande blir Mazda 6 AWD gunstig prisa fordi han normalt blir definert inn i bilklassen over Skoda, saman med eksempelvis VW Passat, Ford Mondeo, Opel Insignia og Toyota Avensis (som ikkje har 4x4).

Så vi seier uavgjort inntil vi har plukka fram målebandet.

Inne i bilane

Ja, det er sant at Mazdaen måler 12 cm meir frå støytfangar til støytfangar og er breiare og lågare enn Octavia Scout. Sånn sett ser han meir sportsleg ut. Det røffe preget til Skodaen inkluderer 17 cm bakkeklaring og større utvendig høgd.

Artikkelen held fram under biletet.

SKODA. Digert bagasjerom, men dessverre ikkje heilt flatt golv når bakseteryggane blir lagt ned.
SKODA. Digert bagasjerom, men dessverre ikkje heilt flatt golv når bakseteryggane blir lagt ned.

Men der Skoda pakkar i høgda, pakkar Mazda i lengda og breidda. Takhøgda framme er best i Skoda (103 mot 100 cm framme, og 98 mot 97 cm bak). Og sjølv om bagasjerommet i Skodaen både er kortare og smalare, lastar det meir på grunn av større takhøgd (610 liter mot Mazdas 522 liter).

Eit lite overtak til Skoda her.

Ute på vegen

Med litt betre bakkeklaring har vi slått fast at Skoda vinn på veg til hytta, men berre så vidt. Den halve centimeteren som skil dei to, er neppe avgjerande for evna til å kome seg fram.

Skodaen er klart kvikkast. Like fullt vinn Mazda 6 på landevegen på grunn av betre chassis og styring enn Skodaen, han blir opplevd mest køyreglad av dei to utan å vere spesielt sportsleg. I rettferdas namn har Skodaen 184 hk mot Mazdaens 175 hk, men Mazdaen flyt best på asfalten.

Med 175 hk og heile 420 Nm teke ut av ein 2,2 liters rekkefirar hadde vi venta meir futt i Mazdaen enn 9,0 sekund (målt) til hundre. Tjuven er å finne i automatgirkassa (6 trinn) som skiftar veldig komfortabelt, men ganske langsamt samanlikna med Skodas sjutrinns DSG.

I akselerasjon frå 0 til 100 km/t gav det seg utslag med eit heilt sekund. Akkurat det er neppe så viktig for dei som kjøper desse bilane, men dette eine sekundet er ikkje utan betydning ved forbikøyring i vanleg landevegsfart.

Meir elegant

Skodaen lir av å vere underdog og blir halde igjen i VW-konsernet. Han er proppa med utstyr, og noko av det fungerer betre enn i Mazdaen fordi det kjem frå dei felles utstyrshyllene til VW og Audi. Men så sløsar VW-konsernet dette forspranget bort igjen med detaljar som det kjipe handtaket til å lukke bakluka med, at det ikkje er flatt golv i bagasjerommet når bakseteryggane blir lagt ned, og mangel på lys ved solskjermspeglane.

Artikkelen held fram under biletet.

SKODA: Eigentleg ikkje noko å trekkje for interiøret her heller.
SKODA: Eigentleg ikkje noko å trekkje for interiøret her heller.

Det maksimalt 1,93 meter lange bagasjeromsgolvet il Mazdaen er heilt flatt og derfor meir lettlasta. Til gjengjeld tek Skoda igjen med mange små oppbevaringsrom à la den vesle søppelkassa (med lokk) i dørpanelet.

Støymålingane viste eksakt like verdiar, men begge slit med litt vindstøy, og motorlyden i Mazdaen blir opplevd som slitsam i mildare hastigheiter.

La oss nemne den nye og godt fungerande navi-/audioskjermen til Mazdaen, som ved første augekast ser ut som om han er rappa frå BMW. Skjermen i Skodaen sit lågare montert, men er like lettlesen. Her vinn likevel Mazda fordi styrehjulet nede på midtkonsollen gjer innstillingane enklare utan å ta blikket frå vegen.
I tillegg har Mazda headupdisplay, men manglar lys som svingar med hjula som i Skoda.

Konklusjon

Her er det ikkje enten/eller, men litt både/og. Mazda 6 vinn fordi testteamet meiner han køyrer best og blir opplevd som ein litt meir raffinert bil med betre sete og meir elegant interiør.

NB: Skoda Octavia er den mest kjøpte stasjonsvogna i landet dei fire første månadene i år. Styrken til bilen ligg i eit røft ytre og rommeleg indre. Octavia står fram som ukomplisert, nesten til det kjedelege. Alt er føreseieleg, og for mange er det flott, men ikkje nødvendigvis for alle.

Til toppen