NYTT SKATTESJOKK: Ordførar Arild Ingar Lægreid er kritisk til det nye skatteforslaget til regjeringa, som går ut på å redusera maksgrensa for eigedomsskatten frå sju til fem promille.
NYTT SKATTESJOKK: Ordførar Arild Ingar Lægreid er kritisk til det nye skatteforslaget til regjeringa, som går ut på å redusera maksgrensa for eigedomsskatten frå sju til fem promille. (Bilde: Halvor Farsund Storvik)

Forslag om nytt skattekutt rystar ordføraren: – Blir ei stor utfordring for Årdal

Fire kommunar i Indre Sogn kan bli råka av eit føreslått skattekutt frå regjeringa. Ordføraren i Årdal er kritisk til det han ser på som nye inngrep i kommuneøkonomien.

Årdal: Dei fire sognakommunane Vik, Leikanger, Sogndal og Årdal krev i dag den maksimale satsen på 7 promille i skatt på bustad- og fritidseigedomar. Den nye regjeringa vil endre den øvre grensa til 5 promille, skriv Dagens Næringsliv.

– Det forslaget synst eg ingenting om, seier ordførar Arild Ingar Lægreid i Årdal, og held fram:

– No er dei på veg til å reisa med mange av dei lokale inntektsmoglegheitene som kommunane har. Me har nett lagt bak oss det med maskinskatten, no skal dei ha has på eigedomsskatten på private bustader. Det ser ikkje ut til at det stoppar med dette, det ser ikkje slik ut, seier Lægreid.

For Frp er lågare skattar, ikkje minst fjerning av eigedomsskatten, ei av hjartesakene. Partileiar Siv Jensen er difor glad for at Høgre og Venstre vart med på skattekuttet i den nye regjeringsplattforma. 

– Det er ein viktig siger for Framstegspartiet. Heimane og husa til folk skal ikkje vera eit skatteobjekt, og me skal halda fram å senka skattane, seier ho i ei uttale på nettsidene til partiet.

Der gjentek ho òg at målet er å fjerna eigedomsskatten heilt.

I Årdal har ikkje ordføraren akkurat tala i hovudet på kor mykje den føreslåtte reduksjonen eventuelt vil kosta kommunen. Men han kan allereie no konstantera at det er snakk om store summar.

– Det blir ei stor utfordring for Årdal kommune å få saman budsjetta framover, seier han.

For å bli vedteke treng forslaget fleirtal i Stortinget, noko dei tre blågrøne partia ikkje har åleine. KrF har allereie antyda at dei ikkje vil vera med på kuttforslaget.

Til toppen