OMLEGGING: Det er foreslått at 3. divisjon skal kuttast ned frå tolv til seks avdelingar før fotballtinget i slutten av februar. Det kan få konsekvensar for ein klubb som Årdal FK i 3. divisjon.
OMLEGGING: Det er foreslått at 3. divisjon skal kuttast ned frå tolv til seks avdelingar før fotballtinget i slutten av februar. Det kan få konsekvensar for ein klubb som Årdal FK i 3. divisjon.

Forslag om store endringar i 2.- og 3. divisjon

2. divisjon blir endra frå fire til to avdelingar, mens 3. divisjon går frå tolv til seks avdelingar. Det er blant forslaga til endring av seriestrukturen før fotballtinget i slutten av februar.

Årdal: Forbundsstyret ønskjer å endre avdelingsoppsettet for norsk fotball. I tingheftetsendt ut til dei ulike klubbane i forkant av fotballtinget 27. og 28. februar blir det foreslått å endre frå pyramiden 1-1-4-12 til 1-1-2-6-18. Det betyr éi avdeling i eliteserien og 1. divisjon, to avdelingar i 2. divisjon, seks avdelingar i 3. divisjon og 18 avdelingar i 4. divisjon.

Vil ha overgangsår allereie no

Eliteserien og 1. divisjon blir som før og fortset med 16 lag. Den einaste forskjellen er at frå 2017 vil berre to lag rykke ned frå 1. divisjon – mot fire no.

Forslaget går vidare ut på at overgangsåret blir allereie denne sesongen. Det betyr at fire lag rykker ned frå 1. divisjon, og blir erstatta av dei fire avdelingsvinnarane i 2. divisjon. Laga som endar frå 2.- til 7.-plass blir fordelte frå 2017 over i to avdelingar på 14 lag kvar, saman med dei fire nedrykkslaga frå 1. divisjon (28 lag totalt).

Går forslaget gjennom, vil ingen rykke opp frå 3. divisjon denne sesongen.

– Vi er i utgangspunktet positive til at NFF ønskjer å sjå på løysingar for å heve nivået i norsk fotball, men vi er skeptiske til forslaget som no blir lagt fram. Vi er kritisk til at overgangsperioden startar allereie no. Budsjetta og planane for 2016 er allereie lagt, men dersom dette går gjennom blir premissane for sesongen i år endra totalt. Vi ville nok planlagt annleis dersom vi visste at ingen rykte opp frå 3. divisjon, seier Lyn-trenar Tresor Egholm til NTB.

Region- og kretsliga

2.-divisjonslaga frå 8.- til 14.-plass rykker ned til nye 3. divisjon (28 totalt) og blir slått saman med laga som endar frå 1.- til 4.-plass i 3. divisjon i dag. I tillegg får dei åtte beste femmarane frå den sørlege regionen plass i 3. divisjon 2017. Totalt blir det 84 lag fordelt på seks avdelingar i det som blir kalla Regionligaen.

I det som blir omtalt som Kretsligaen (4. divisjon), vil det bli totalt 18 avdelingar. 15 av dei med 14 lag i «Sør-Noreg» og tre avdelingar på tolv lag i «Nord-Noreg».

Det blir også valt ny fotballpresident på tinget. Yngve Hallén har bestemt seg for å gå av som president. Innstillinga frå valkomiteen er Terje Svendsen. (©NPK)

Til toppen