SVINDEL: Butikkar i Lærdal og på Tyin har opplevd forsøk på svindel i forbindelse med veksling. 
SVINDEL: Butikkar i Lærdal og på Tyin har opplevd forsøk på svindel i forbindelse med veksling. 

Forsøk på svindel i Lærdal

Politiet åtvarar mot svindelforsøk ved veksling.

Ifølgje politiet har to kvinner og ein mann med utanlandsk opprinnelse prøvd å svindle til seg pengar i forbindelse med veksling i Lærdal og på Tyin.

Per Rimmen i Sogn og Fjordane politidistrikt seier til Porten.no at dette er eit kjent problem.

– Dette er folk som reiser rundt for å veksle pengar på butikkane, og så oppstår det mykje støy og krangling i vekslinga at beteninga leverer frå seg meir enn dei har fått. Og så vekslar dei i ein annan valør enn dei gav frå seg, seier han.

Han oppmodar no butikkar i nærområda om å vere obs på slike forsøk på svindel.

– Det dei har gjort denne gongen er at dei har kjøpt ei vare, gått ut av butikken, og så har ein annan kome inn og vil bytte vara fordi ho er for dyr. Og så oppstår det ein diskusjon, og då har dei eit håp om å få att meir pengar enn dei gav frå seg.

Har du tips? Send på e-post til tips@porten.no, på SMS med kodeord PORTEN [di melding] til 1963 eller ring oss på telefon 480 13 131.

Til toppen