FØRST UTE: Jens Reidar Ljøsne er den første bonden som har bygd lausdriftfjøs i Lærdal. Frå 2024 er det eit krav om at alle mjølkekyrfjøs skal vera av denne typen. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
FØRST UTE: Jens Reidar Ljøsne er den første bonden som har bygd lausdriftfjøs i Lærdal. Frå 2024 er det eit krav om at alle mjølkekyrfjøs skal vera av denne typen. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Først ute med framtidas fjøsdrift

Jens Reidar Ljøsne er den første bonden i Lærdal lausdriftfjøs for mjølkekyr. 

Ljøsne: Med hjelp av moderne teknologi har kvardagen til mjølkekyrbonden Jens Reidar Ljøsne endra seg veldig. 

I september investerte han i framtidas fjøsdrift for mjølkekyr. No skal ikkje kyrne lenger stå i bås, men få bevege seg fritt i fjøsen. Frå 2024 er dette eit krav.

– Eg hadde ein båsfjøs som var aldeles oppbrukt. Viss eg skulle halde fram med kyr, måtte eg bygga nytt. 

Moderne teknologi

Bakgrunnen for kravet er med omsyn til kua sitt behov for å bevege seg, samt med tanke på dyrevelferd. Den nye fjøsen stod klar i september i år og kosta over sju millionar kroner. 

Artikkelen held fram under biletet.

KRAV: Kravet om lausdrift trer i kraft i 2024. I fjøsen til Ljøsne kan kyrne gå fritt som dei vil. Det er med omsyn til dyrevelferda at dette kravet er kome.
KRAV: Kravet om lausdrift trer i kraft i 2024. I fjøsen til Ljøsne kan kyrne gå fritt som dei vil. Det er med omsyn til dyrevelferda at dette kravet er kome.

Der har Innovasjon Noreg vore med og spytta inn nokre kroner, men mesteparten er det Ljøsne sjølv som har investert. Han meiner i likskap med veldig mange mjølkekyrbønder at staten burde følgje opp kravet med meir midlar. 

Det er ikkje rart prislappen er som den er. I fjøsen finn ein moderne teknologi. No er det ikkje lenger bonden som fôrar og mjølkar kyrne, men kyrne sjølv ordnar dette.

I eine øyret er dei merka med ein chip, som roboten og systemet les. Når det er tid for mjølking, vert kyrne lokka inn i ein bås med fôr. Der er det ein robot som tar seg av mjølkinga. Først vaskar han spenene før han set i gong. Basert på mjøkehistorikk, reknar systemet ut kor mange liter han forventar å få ut av kvar spene.

Ny kvardag

Går kua inn før det er gått seks timar, sender roboten ho rett ut att. Vask av golvet er det ein annan fjernstyrt robot som tar seg av. Til og med ventilasjonssystemet tar omsyn til kvar minste detalj, som luftfuktigheit og temperatur. 

Artikkelen held fram under biletet.

KØKULTUR: Kyrne viser god køkultur før dei skal inn i maskina, der dei får fôr og blir mjølka av ein robot.
KØKULTUR: Kyrne viser god køkultur før dei skal inn i maskina, der dei får fôr og blir mjølka av ein robot.

– Kvardagen min er blitt heilt annleis. Det er framleis mange timar med å følgja opp og passa på, men det er ikkje så mykje fysisk hardt arbeid som før. Før stod kyrne på plassen sin, og så måtte du oppsøka dei med fôr og mjølking, men no hentar dei fôret sjølv og blir mjølka, fortel Ljøsne. 

Trass litt innkøyring er det imponerande å sjå kyrne stille seg i kø. Det er til og med litt slik at dei kjempar litt om å kome inn for å mjølke og få fôr, men som regel er det god køkultur. 

Sjølv om det er litt tidleg framleis, trur Ljøsne at kyrne har det betre no med denne formen for drift. 

MODERNE: Ein robotarm vaskar spenene medan kua et fôr før den startar mjølkinga.
MODERNE: Ein robotarm vaskar spenene medan kua et fôr før den startar mjølkinga.
Til toppen