NEDPRIORITERT: Leiar for Nasjonal rassikringsgruppe, Åshild Kjelsnes, meiner fylkesvegane blir nedprioritert samanlikna med riksvegane når det gjeld rassikring. Det viser forslaget til statsbudsjett for 2016. Arkivfoto: Ina Eirin Eliassen.
NEDPRIORITERT: Leiar for Nasjonal rassikringsgruppe, Åshild Kjelsnes, meiner fylkesvegane blir nedprioritert samanlikna med riksvegane når det gjeld rassikring. Det viser forslaget til statsbudsjett for 2016. Arkivfoto: Ina Eirin Eliassen.

Forstår ikkje kutta i rassikring

Leiar for Nasjonal rassikringsgruppe, Åshild Kjelsnes, stiller spørsmål ved nedprioriteringa av rassikring.

Årdal/Lærdal: Då forslaget til statsbudsjett for neste år vart lagt fram onsdag, blei det blant anna klart at midlane til skredsikringstiltak vert redusert med ein kvart milliard kroner samanlikna med årets budsjett. 

– Det er ein dramatisk reduksjon når ein ser det i samanheng med dei enorme sikringsbehova som finst på vegnettet.

– Ein ligg etter i forhold til oppfylling av Nasjonal transportplan, og treng eit krafttak i komande budsjett for å kome i mål. Det er nødvendig å leggje seg på eit betydeleg høgare nivå for å nå målsettinga om at alle offentlege vegar skal sikrast mot skred innan 2030, skriv Kjelsnes i ei pressemelding.

«Det grøne skiftet»

Det er sikring til fylkesvegane som får minst pengar, noko leiaren meiner gjev eit inntrykk av nedprioritering av tryggleiken sett i forhold til riksvegane. 

– Mykje av omstillinga i næringslivet og gjennomføringa av «det grøne skiftet» må nødvendigvis skje med fylkesvegnettet som ein nødvendig og viktig del av det heilskaplege transportsystemet.

Krev mykje

Ei gransing rassikringsgruppa gjorde sist vinter viser at nesten alt av midlar frå 2014 vart brukt opp, og likevel står det att uløyste behov. 

– At NVE får markant auka løyvinga til flom- og skredførebygging er nødvendig og positivt, men det må kome i tillegg til sikring av vegnettet. 

– Nasjonal rassikringsgruppe forventar at Stortinget gjer ei markant påplussing på skredsikringspostane i budsjettet. Det er heilt nødvendig og vil vere i tråd med dei tverrpolitiske signala vi får frå Stortinget.

Til toppen