THRILLER: Om Ljøsne skule blir lagd ned eller ikkje er det store spørsmålet i høve skulebruksplanen. Senterpartiet gjekk til val på å oppretthalda skulestrukturen i Lærdal, og SV vil truleg stemma for å oppretthalda Ljøsne skule. Dersom det blir stemmene for å oppretthalda skulen når saka skal opp i kommunestyret, og resten går mot, vil skulen bli oppretthalden med minst moglege margin. Men det skal altså ikkje mykje til for å tippa saka andre vegen. Foto: Ole Ramshus Sælthun
THRILLER: Om Ljøsne skule blir lagd ned eller ikkje er det store spørsmålet i høve skulebruksplanen. Senterpartiet gjekk til val på å oppretthalda skulestrukturen i Lærdal, og SV vil truleg stemma for å oppretthalda Ljøsne skule. Dersom det blir stemmene for å oppretthalda skulen når saka skal opp i kommunestyret, og resten går mot, vil skulen bli oppretthalden med minst moglege margin. Men det skal altså ikkje mykje til for å tippa saka andre vegen. Foto: Ole Ramshus Sælthun

Første akt av den lokalpolitiske thrilleren er i gang

I dag skal formannskapet i Lærdal seia sitt om skulebruksplanen for kommunen. Rådmannen tilrår nedlegging av Ljøsne skule.

Lærdal: Skulebruksplanen 2015-2030 legg opp til fire alternative løysingar for framtidig skulestruktur i Lærdal. Desse er:

  • 0: Same struktur som i dag med tre skular og to barnehagar (Lærdalsøyri og Borgund) 
  • 1: To skular, derav Ljøsne skule blir lagd ned. Barnehagar på Lærdalsøyri og Borgund som i dag.
  • 2: To skular, derav Ljøsne skule blir lagd ned. Ny barnehage på Ljøsne for førskuleborn på Ljøsne og Borgund, altså blir barnehagen på Borgund lagd ned. Noko av bygningsmassen på dagens Ljøsne skule vil i så fall bli nytta til barnehage.
  • 3: Skulane på Lærdalsøyri og Borgund som i dag, samt eit oppvekstsenter på Ljøsne (barnehage + 1.-4.klasse)

Rådmannen har tilrådd alternativ 1 i framkant av den politiske handsaminga. Det er kome inn 15 høyringsuttalar i saka. 

Vil spara på drift og investering

Lærdal kommune har vedteke ein økonomiplan som inneber å ta ned driftsnivået på oppvekst med fire millionar kroner årleg. Ettersom Ljøsne skule kostar 5,3 millionar kroner å drifta i året, meiner administrasjonen ein kan nå målet om innsparing ved å leggja ned Ljøsne skule.

I tillegg blir det framheva i skulebruksplanen at Ljøsne skule har eit berekna opprustingsbehov på 20-25 millionar kroner. Vidare heiter det i planen at: "Ut frå eit varsemdprinsipp vil det vere klokt å legge til grunn ein kostnad på 25-30 mill. kroner for ei renovering til dei standardar som krevst i høve branntryggleik, inneklima og universell utforming".

– Viktig for grenda og framtida 

FAU - foreldra til borna på Ljøsne skule sitt organ - har i sin høyringsuttale peika på at Ljøsne skule er skulen med mest stabilt elevtal i bygda, at skulen ligg midt i dalen og ein vesentleg større skule enn Borgund.  "Vil ein då satse på Borgund skule der drifta er delt i to klassar pga få elevar?" heiter det i uttalen. 

Dei lurer også på korleis det blir med lærarressursar på Lærdalsøyri skule dersom Ljøsne skule blir lagd ned ettersom det ikkje er spesifisert i skulebruksplanen om det skal bli fleire lærarar på Lærdalsøyri skule og i så fall kor mange.  

Vidare fremhever FAU at skulen er eit argument for å få E16 i tunnel forbi Ljøsne "Ein ynskjer sikker og rask skuleveg for ungane, og Ljøsne skule er difor viktig å bevare for at planane om E16 i tunnel forbi Ljøsne vert sett ut i live."

FAU er avslutningsvis bekymra for grenda dersom skulen blir lagd ned: "Ljøsne skule er viktig for lokalsamfunnet og blir nytta av både elevar og andre i nærmiljøet. Skulen er eit samlingspunkt i grenda og ein ressurs som blir mykje brukt."

Endeleg vedteke 20.oktober ?

Det er lagd opp til at skulebruksplanen skal opp til endeleg vedtak i kommunstyret 20.oktober. Samstundes heiter det i "Kommuneplanen - samfunnsdel" at denne skal vera overordna andre planar. 

"Kommuneplanen - samfunnsdel" blir også handsama i formannskapet 29.september, men i høyringsrunden her har Fylkesmannen kome med ein fire siders uttale som i det store og heile går på at mange punkt i denne planen - utarbeidd av Norconsult saman med administrasjonen i kommunen - er for vage og generelle. I tilrådinga frå rådmannen er eit av framlegga å senda "Kommuneplanen - samfunnsdel" på ny høyring. Dersom denne planen må vedtakast før skulebruksplanen, vil det etter alt å døma bli tidsnaud i høve kommunestyret 20.oktober.

– Dette er eit spesielt formannskapsmøte, mellom anna fordi me skal ha opp skulebruksplanen, og den set store kjensler i sving, innleia ordførar Jan Geir Solheim dagens formannskapsmøte med.

 

Til toppen