FØRSTE ARTIST KLAR: Desse framoverlente karane kjem til Lærdal i juni.
FØRSTE ARTIST KLAR: Desse framoverlente karane kjem til Lærdal i juni. (Foto: Rotlaus/Pressefoto)

Første artist klar: Rotlaus kjem til Lærdal i sommar

Jordeplerock presenterte i dag første artist til festivalen i sommar.

Lærdal: Rotlaus spelar norsk country, litt i same gate som Vassendgutane. Sunnmørsbandet er det første som er stadfesta til årets festival i Lærdal slutten av juni.

–  Det er me kjempenøgde med, for det har vore stor etterspurnad etter å få dei på scena hos oss. Dei har fått eit stort publikum i Sogn og musikken deira er knallbra. Dette er ei nyheit me har gledd oss lenge til å publisera, seier marknadssjef Torgeir Skjerdal i Jordeplerock.

At etterspørselen er stor er ikkje berre synsing. I oktober gjekk Skjerdal ut på sosiale medium for å lufta stemninga blant festivalpublikummet. Då var nettopp Rotlaus ein gjengangar blant tilbakemeldingane.

– Det er gøy når me kan innfri ønskene til folk, seier Skjerdal.

Alle artistane til festivalen er klare, men marknadssjefen vil ikkje avsløra for mykje i eitt jafs. For å pirra nysgjerrigheita til lærdølene vil overraskingane heller koma i små drypp framover dei neste månadane.

– Det blir seks artistar i år og det blir ei miks av lokale og nasjonalt kjende artistar. Som me alltid plar gjera, legg me opp til eit variert program som skal treffa folk i alle aldrar og som likar ulike sjangrar, seier Skjerdal.

Til toppen