BLANDA KJENSLER: Proektor Rasmus Stokke i Sogndal vedgår at det er litt rart at Høgskulen i Vestlandet no er namnet dei skal forhalde seg til.
BLANDA KJENSLER: Proektor Rasmus Stokke i Sogndal vedgår at det er litt rart at Høgskulen i Vestlandet no er namnet dei skal forhalde seg til.

Første dag med nytt namn for Høgskulen: – Vemodig

Høgskulen i Sogn og Fjordane finst no berre i historiebøkene.

Sogndal: Om åtte dagar kjem statsministeren til Sogndal for å markere opninga av Høgskulen på Vestlandet. Men allereie i dag var den første dagen den nye samanslåinga er i drift. For prorektor Rasmus Stokke i Sogndal er det ei merkeleg kjensle.    

– Vi er i det same bygget, i dei same omgjevnadane og med dei same folka, så slik sett er det ikkje dei store endringane. Men det er vemodig og rart at vi ikkje skal bruke omgrepet Høgskulen i Sogn og Fjordane lenger, seier han.

Les også: Statsministeren skal opne høgskulen
Les også: Her jobbar dei fram den nye høgskulen

Det vil ta tid å byggje opp det nye, så førebels fungerer dei gamle institusjonane mykje som før. Men når skuledagen startar i morgon vil bannerar med det nye namnet møte studentane på veg inn dørene ved hovudinngangane.

– Det er ein markering av vi går inn i noko nytt og det er ein ny identitet som skal byggjast opp, seier Stokke.

Den offisielle opninga for heile Høgskulen finn stad 10. januar, med markeringar i Bergen, på Stord og i Sogndal. Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen vil vere på plass i Bergen og statssekretær Bjørn Haugstad på Stord. Men sjølve hovudattraksjonen, Erna Solberg, har valt å komme til Sogndal på opningsdagen.

– Det er veldig kjekt at statsministeren valde å komme til oss. Det gjer at vi blir eit slags hovudsete for markeringa. Den nye rektoren vil òg vere her under opningsdagen, seier Stokke.

Til toppen