ELDDÅP: Fersk regionlensmann, Inger Lill Lanes, fekk ikkje den enklaste første dagen i den nye jobben du kan tenka deg.
ELDDÅP: Fersk regionlensmann, Inger Lill Lanes, fekk ikkje den enklaste første dagen i den nye jobben du kan tenka deg. (Halvor Farsund Storvik)

Første dag på jobb fekk den nye regionlensmannen ein storbrann i fanget

Ho kan fortelja at politiet har starta etterforskinga av den dramatiske brannen i Sogndal søndag. Torsdag kjem kriminalteknikarar for å undersøka branntomta.

Sogndal:  Inger Lill Lanes hadde måndag sin aller første dag på jobben som ny regionlensmann i Sogn etter Arne Johannessen. Det vart bokstavleg tala ein elddåp. På første vakta måtte ho leia etterforskinga av brannen som etterlèt eit nær hundre år gamalt hus, med ei barnehageavdeling, eit arkitektkontor og kyrkjekontoret i bygda, i ruinar.

– Dette er sjølvsagt veldig trist for alle dei som hadde eit forhold til huset. Men for min del så går det greitt. Eg har vore gjennom mykje etter ei lang karriere i politiet og tek slike ting som det kjem, seier Lanes.

Krimteknikarar kjem på torsdag

Ho fortel at etterforskinga starta opp allereie på morgonkvisten måndag. Politiet har avhøyrt vitne og skrive rapportar, dei har samla inn og sjølve teke bilete.

– No skal me ha inn kriminalteknikarar på torsdag som skal gå gjennom bygget saman med ein ekspert frå Etrygg i Florø, seier Lanes.

Ho seier det er for tidleg å seia noko om årsaka til brannen, men har god tru på at dei skal finna den.

– Du veit aldri, men det verste er når det er heilt utbrent. No står jo faktisk bygget her, så då skal det vera mogleg å finna ut av. Me har veldig gode kriminalteknikarar, som har mykje erfaring, seier Lanes.

(Artikkelen held fram under biletet)

FLAMMEHAV: Brannmannskap kjempa søndag kveld for å hindra spreiing av brannen i det nær hundre år gamle trehuset Stedjetun på Stedje i Sogndal.
FLAMMEHAV: Brannmannskap kjempa søndag kveld for å hindra spreiing av brannen i det nær hundre år gamle trehuset Stedjetun på Stedje i Sogndal. Bilde: Josef Benoni Ness

Må sikra taket før barnehagen kan flytta attende i nabohuset

Ho var oppe på branntomta i 15-tida måndag for å få ei orientering frå dei som hadde kjempa mot flammane. Eit viktig tema var korleis dei skal sikra bygget, ikkje minst takplatene, så dei ikkje bles avgarde og blir til fare for folk.

MÅ TRULEG RIVAST: Det ærverdige huset i på Stedje i Sognda er totalskada etter brannen.
MÅ TRULEG RIVAST: Det ærverdige huset i på Stedje i Sognda er totalskada etter brannen. Bilde: Halvor Farsund Storvik

– Det er ikkje berre for barnehagen sin del, men for folk som går rundt her. Du veit aldri i kva retning det bles, så det er det første me må gjera. Det er ingen som kan vera i nærleiken her, før det er gjort, seier Lanes.

Ho fortel at ein entreprenør skal sjå på taket i dag tysdag. Når det blir vurdert som trygt, og når foreldre og ungar kjenner seg klare for det, vil barnehagen som smått kunne flytta tilbake.

Til toppen