Årdal: Mange spente symjarar og foreldre møtte ved Øvre Årdal friluftsbasseng, laurdag. Symjestemnet er det første i bassenget og bygda, sidan NM i 1997, for 21 år sidan.
Representantar frå Eid, Førde, Moss og sjølvsagt Årdal, var alle samstemde om at å ha symjestemne i Årdal; det er stort.
– Det er veldig bra at me endeleg har klart å få det til! No er målet vårt å få det til kvart år, seier ei nøgd Ingeborg Hjelle, leiar for Jotun IL Symjegruppe og leiar for stemnet.

Omlag 50 deltakarar var påmelde, eit godt tal ifølgje Hjelle. Potensialet var høgare, men eit symjestemne i AdO arena i Bergen på same tid gjorde at to store klubbar ikkje kunne kome, seier Kurt Jevnaker, symjetrenar i Jotun.
- Les òg: Rådmannen takka for seg
- Les òg: Slik blir jonsok-vêret
Ein suksess
Representantar rundt om frå heile fylket var alle samstemde om at å ha symjestemne i Årdal; det er stort! Tilstades var det symjarar frå Eid og Førde, men òg heilt ifrå Moss.
Alle Porten.no snakka med, var glade på vegne av verten Årdal, og meinte at dette var eit steg i riktig retning for sporten i fylket.

– Det er veldig kjekt at Årdal har fått til dette, seier dommar og forelder Øystein Helland frå Førde.
Sjølv reiser han mykje rundt på ulike symjestemner i Noreg med sonen Reinert, og seier at det er mange som savnar Årdal, og som minnast NM i 1997.
Skrytte av arrangementet
Med 50 unge symjarar påmelde , kjem det naturlegvis òg ein del foreldre, kor mange ikkje berre er tilskodarar men som òg tek aktiv del i stemnet.
Blant dei er Odd Magne Grimeland, frå Førde, som har vore symjedommar sidan 2013.

– Eg har aldri vore på utestemne, det er ein heilt spesiell oppleving. Det er jo det einaste 50 meters ute-bassenget i Sogn og Fjordane.
– Det er eit ordentleg anlegg, og stemnet er flott organisert. Det er eit veldig bra tiltak! seier Grimeland.
Sosialt
Det var mange gullmedaljar å sjå rundt bassenget, og ein høyrde stadig snakk om «pers», eller personleg rekord.
To nøgde jenter som kunne skryte av å ha klart begge var Tomine Jevnaker (13) og Solfrid Gjermund Røyrvik (13), frå Jotun IL, som konkurrerte i distansen 100 meter bryst.
– Det er veldig kjekt å få gullmedalje! seier Tomine.
Solfrid fortel at ho tok ny personleg rekord med tre heile sekundar.
–Ein kjempeinnsats! skyt trenar Kurt Jevnaker, inn.

Jente har gått på symjing i fleire år, og fortel at dei tykkjer at det veldig kjekt at det endeleg vert heldt stemne i heimbygda.
– Det er veldig fint her, me har jo faktisk eit ute-basseng, som det ikkje er så mange av i Noreg. I alle fall ikkje 50 meter basseng, seier Jevnaker.
Sjølv er dei vande med å reise andre stader i landet for å delta på stemner. Dei fortel at dei reiser på stemne ein gong i halvåret.
– Eid er kjekt. For no kjenne me plassen så godt, og me møter folk me kjenner. Eg møtte nokre kjente her i dag! seier Jevnaker.