SISTE BLÅS: I 2018 stilte Øvre Årdal Janitsjarkorps til 17. mai-feiring for 72. gong på rad. I år vert rekka broten.
SISTE BLÅS: I 2018 stilte Øvre Årdal Janitsjarkorps til 17. mai-feiring for 72. gong på rad. I år vert rekka broten. (Foto: privat/arkiv)

Første feiring utan janitsjaren sidan 1947: – For tøft å gå og spela samtidig

Stolte tradisjonar vert brotne i Årdal, men korpset håpar å koma sterkare tilbake.

Årdal: Kvart år sidan skipinga i 1947 har dei raude jakkene marsjert stolt gjennom gatene og sørga for ekte korpsstemning på 17. mai.

I år blir tradisjonen broten.

– Det er sjølvsagt trist, men når det vart slik må me berre godta det, seier leiar Jan Erik Øyre i Øvre Årdal Janitsjarkorps.

Han seier forklaringa er at stammen i korpset byrjar å dra på åra.

– Det er byrja å bli for tøft å gå og spela samstundes. Du kan sjølv prøva å ta runden medan du bles i eit sugerøyr, det er tyngre enn folk trur. Viss ein då slit litt med helsa i tillegg, så er det ikkje noko moro, seier Øyre.

Satsar på fornying

På 1. mai fekk dei påfyll frå dei eldste elevane i skulekorpset. Sidan skulen stiller med eige korps på nasjonaldagen, vart ikkje det ei løysing denne gongen. 

Etter ei opptelling var det berre 11 som kunne stilla, noko som vart for knapt

– Me håpar at me skal greia å halda liv i tradisjonane, men det skjer ikkje av seg sjølv. Me må ha rekruttering skal me få dette til, seier Øyre.

Han finn trøyst i at skulekorpset vil sørga for at det ikkje blir stille i gatene. Og dei som vil sakna tonane til janitsjaren, får sjansen allereie neste kveld då korpset stiller til konsert.

– Då er me tilnærma fullt mannskap, seier Øyre.

 

 

 

 

 

Heilt sidan 1947. 

Til toppen