FUTSAL: Lag i aksjon. Foto: Kaja Nygård
FUTSAL: Lag i aksjon. Foto: Kaja Nygård

Første futsal-turneringa i Sogn og Fjordane

Søndag blei det arrangert futsal-turnering i Årdal, Vik og Balestrand. 

Årdal: Futsal er nytt i Sogn og Fjordane og det er første gong det blir arrangert ei slik turnering. 

Futsal kan minne om vanleg innefotball, men det er ein del skilnader. Fotballen som blir brukt sprett ikkje og ein lyt bruke større kraft når ein skal slå pasningar. 

- Dette er ein god måte å utvikle seg på og ein blir god med ball , seier trenar Geir Frode Rudi. Han fortel vidare at tempo er høgt. 

- Spelarane får ikkje spele tilbake til keeper og det er 4 sekundars-regel som gjer at ballen alltid er i spel, legg Rudi til. 

-På bana er det 5 spelarar på kvart lag, seier han og legg til at kvar kamp varar i 13 minutt.

Rudi trenar gutar 13/14 på Jotun. Dei har i haust vore ivrige og synes futsal er moro. 

Artikkelen held fram under biletet. 

JOTUN: Desse har trent hardt til futsal turneringa.
JOTUN: Desse har trent hardt til futsal turneringa.

Årdalshallen

Turneringa er for både gutar og jenter i alderen 10-14 år. Om dette slår an kan aldersgruppa seinare bli utvida.

Det var mange lag i aksjon på søndag. På tribuna sat forventningsfulle foreldre, besteforeldre og andre futsal interesserte og heia fram sine lag. 

Artikkelen held fram under biletet. 

KAMPOPPSETT: Desse laga var med i Årdalshallen. 
KAMPOPPSETT: Desse laga var med i Årdalshallen. 

Vinnarpokal

Eine gutelaget til Jotun 14 vant si gruppe. Dei fekk med seg pokal heim som einaste laget i turneringa. 

Artikkelen held fram under biletet. 

NØGDE VINNARAR: Desse gutane er nøgde med å vinne pokal.
NØGDE VINNARAR: Desse gutane er nøgde med å vinne pokal.

I pulje G10 vann Jotun 2 og i pulje G11 og G12 vann lag frå Sogndal.  

 

Til toppen