Regionleiar i Trygg Trafikk Vestland, Knut Olav Røssland Nestås, synest kvar ulukke er ei ulukke for mykje, men ser ei positiv utvikling på nedgang i tal ulukker i Vestland.
Regionleiar i Trygg Trafikk Vestland, Knut Olav Røssland Nestås, synest kvar ulukke er ei ulukke for mykje, men ser ei positiv utvikling på nedgang i tal ulukker i Vestland. (Foto: Trygg Trafikk)

Første gang under 100 dødsulukker i trafikken: – Det viser ei positiv utvikling over tid

Talet på dødsulukker går ned, og korona har påverka trafikken i heile landet.

Sogn: 2020 ble året med historisk låge dødstall i trafikken. Med 95 omkomne, er det for første gang under 100, skriv Statens Vegvesen på sine sider. I Vestland er utviklinga markant historisk sett.

– Me sit på tal frå Sogn og Fjordane og Hordaland i alle fall tilbake til 1960 som viser at det ikkje har vore færre enn 10 omkomne i denne perioden, men i 2020 var me nede i sju drepne. Det viser ei markant positiv utvikling over tid, sa Knut Olav Røssland Nestås, regionleiar i Trygg Trafikk Vestland, i ei pressemelding.

Likevel minner Nestås òg om kva som ligg bak desse tala.

– Tapte menneskeliv. Ei kvar ulykke er ei ulykke for mykje, seier han. 

Fleire ulukker med personbil

På tala til Statens Vegvesen kan du sjå at på topp av lista med flest dødsulukker ligg Viken med 19, og Innlandet med 17. Trøndelag har minst med seks, og nest minst er Vestland med sju ulukker.

Dei skriv òg at tala viser at korona har påverka trafikkbildet, men ein gjennomsnittleg nedgang på sju-åtte prosent på landsbasis samanlikna med i fjor. 

Det er flest menn som er involvert, 78 stykker mot 17 kvinner. Det er møteulukker og utforkøyring som er dei største årsakene. 47 av dei er med personbil og det er 17 fleire enn i fjor. Så kjem motorsykkel med 18 av ulukkene og fotgjengar med 13. 

Til toppen