ØNSKJER ALLE VELKOMMEN: Astrid Grøndal Trulssen i Lærdalsmarknaden. 
ØNSKJER ALLE VELKOMMEN: Astrid Grøndal Trulssen i Lærdalsmarknaden. 

Første julemarknaden i Lærdal

Mykje skal på plass dei siste dagane, men Astrid Grøndal Trulssen i arbeidsgruppa til Lærdalsmarknaden ser ut til å ha full kontroll. 

Det er mykje som står på programmet på den gamle marknadsplassen mellom dei verna trehusa på Lærdalsøyri denne helga. 

Julepynta familiemarknad

Laurdag brakar det laus med den første julemarknaden på Lærdalsøyri. 

Det blir utstillarar som har med seg alt frå husflidskunst, handverk, kortreist mat til gode julegåveidear. Familiemarknaden byr på juleverkstad for born, peparkakehus-konkurranse, etagilde, musikk, song og det meste som høyrer jula til. 

Overvelda

– Korleis ligg de an?

– Eg er heilt overvelda. Me hadde sagt oss nøgd med 20 utstillarar, men så kjem det 40 stykke, noko som er kjempeflott, seier Astrid Grøndal Trulssen. 

Ho har eit håp om å få til ein fast julemarkned, der ein utvidar med fleire helger inn mot jul.

Eta og kosa seg

Trulssen håpar vinden er snill til helga, men vil minne folk om å ha på deg gode klede og sko. Likevel forsikrar ho om at det blir mange stader ein kan varme seg under marknaden.   

– Det skal jo vera litt kaldt på julemarknad. Ein skal gå rundt, eta og kosa seg med alt frå sjokolade til varm mat, seier Odd Helge Brugrand.

Han har ansvar for lyssetjinga av den gamle marknadsplassen mellom dei verna husa.  

Meir lys

Utanfor Kvammes Kafé og Pub heng Marianne Cirotzki opp lys rundt kaféen. Desse lysa kjem i tillegg tid den store lyssetjinga av marknadsplassen.  

I GANG: Førebuingane før julemarknaden i Lærdalsøyri er godt i gang. Marianne Cirotzki er i gang med å henge opp lys utanfor Kvammes Kafé og Pub.
I GANG: Førebuingane før julemarknaden i Lærdalsøyri er godt i gang. Marianne Cirotzki er i gang med å henge opp lys utanfor Kvammes Kafé og Pub.

– Er du klar for helga?

KLAR FOR JUL: Lise Einemo, Kvammes Kafé og Pub.
KLAR FOR JUL: Lise Einemo, Kvammes Kafé og Pub.

– Ja, eg blir det i alle fall, sjølv om det er mykje som skal på plass, seier Lise Einemo på Kvammes Kafé og Pub. 

​Ho skal servere julemat, ha fyr på peisen og i tillegg servere gløgg ute. Einemo ser fram til julemusikk, mat, nissar og kos. 

– Einaste er at eg håpar det blir lite vind. Det er meldt fint vêr, så det blir sikkert bra, seier ho. 

Til toppen